Heidrar lokalavisene med eige frimerke
Det nærmar seg landsmøte på Voss for Landslaget for Lokalaviser (LLA). Møtet samlar kring 300 pressefolk frå heile landet. For mange av dei går reisa med eiga vogn på Bergensbanen. Undervegs frå Oslo var det historisk avduking av eit nytt frimerke frå Posten.
Saka held fram etter annonsen
Roar Toresen, frimerkedirektør i Posten, la i talen vekt på kva lokalavisene har å seie for landet. Styreleiar i LLA, Øystein Øygarden, fekk æra av å stå for avdukinga.
Sjå videoklipp under:
LLA er interesseorganisasjon for lokalavisene i Noreg. Organisasjonen har 125 medlemsaviser, mellom anna Aukranytt.







