Følg sjøsettinga av «Søblomsten» live her
Laurdag har Aukranytt live samsending med søsteravisene våre Vestnesavisa og Midsundingen frå den historiske sjøsettinga av galeasen «Søblomsten» på Vestnes.
Saka held fram etter annonsen
Den historiske båten har vore gjennom ei stor restaurering og vert sjøsett 162 år etter første sjøsetting som og skjedde i Vestnes der den opprinneleg vart bygt. Fartøyet har dei seinare åra vore gjennom ei omfattande restaurering, først i Trøndelag, seinare i eit stort telt i Vestnes sentrum. Det er lagt opp til folkefest rundt arrangementet med ulike aktivitetar i sentrum.



