Vanlige folks tur?

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
Støre og AP lova at det skulle vere vanlige folks tur, med ei ny raud/grøn regjering. Vanlige folks tur vart det, til å måtte betale skyhøge skattar, avgifter, skyhøge straum, drivstoff og matvareprisar.
Alle skal med, til å fylle opp ei smekkfulle statskasse er tydeligvis AP sitt motto.
Dette trenger absolutt INGEN verken faktasjekk eller anna dokumentasjon på, dette merker vi alle.
Ap sin Kjølmoen her i fylket snakker heile tida om » trygg styring», men for kven?
Når vi kvar veke her i fylket ser konkursar på konkursar i privat næringsliv, og fortvilelse fordi vårt lokaleigde næringsliv får særnorske skattar, medan utanlandske selskap slepp unna.
Kommunane havner i ROBEK og Fylkeskommunen har aldri i nyare tid fått dårligere økonomiske rammer.
Krav om nullutslipp for alt av bil, varebil, buss og ferjer i offentlig sektor, knekker dette totalt økonomisk.
Ikkje berre står desse el -bussane i sju steinar om vinteren, men verken kommuner eller fylka har midler til å finansiere dette.
Så kva «trygg styring » snakker vi om Kjølmoen?
Når AP , Stoltenberg og Støre helst vil selge oss alle, eller tydeligvis helst gje oss vekk til EU, blir vi slett ikkje tryggere av dette.
Når AP rater ned alt USA og Trump står for, og i neste øyeblikk smiske uhemma med dei samme for å unngå auka toll, har dette rett og slett ikkje mykje med «trygg styring» å gjere.
Det einaste vi alle ser er trygt, er statskassa som flommer over av skatter, avgifter og auka inntekter, medan vanlige folk og næringslivet får loppa sine lommebøker.
FrP vil at vanlige folk og næringslivet også skal ha ein trygg og god økonomi, der privat næringsliv blir prioritert og heller offentlig byråkrati rasjonalisert.
Kutt i offentlig sektor er nødvendig, der AP sitt auka byråkrati ikkje akkurat har ført til fleire arbeidsplasser i privat sektor.
8 år med borgarleg regjering styrte trygt og sikkert, der tryggheit for vanlige folk hadde fokuset, ikkje slik som nå med AP og Stoltenberg som tydeligvis har gløymt kven dei som politikere er til for.
AP og Kjølmoen vil bruke dine penger,
FrP vil la vanlige folk få beholde egne penger, og eit næringsliv uten særnorske skatter, avgifter og en urettferdig formuesskatt som rammer lokaleigde bedrifter.