Aukranytt
4 minutter lesetid

Stad skipstunnel – eit naudsynt løft for regionen

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendarane

Prosjektet Stad skipstunnel er no gryteklart. Folk har flytta frå heimene sine. Kommunar og næringsliv har investert 70 mill kroner i reguleringsarbeid, for å kunne ta imot steinmassene frå tunnelen til nye næringsområde.

Saka held fram etter annonsen

Desse areala vil legge til rette for fleire hundre nye arbeidsplassar i regionen. Totalt er det allereie brukt over 150 millionar kroner på prosjektet. KrF har lenge gått i front for prosjektet.

Tre entreprenørar konkurrerer no om å få byggje dette spektakulære samferdselsprosjektet, og kontraktsignering er planlagt hausten 2025. Dersom prisane som kjem inn held seg innanfor vedteken kostnadsramme, treng prosjektet berre ei oppstartsløyving i i statsbudsjettet for å kome i gang. Dersom prisane går over ramma, må ei ny kostnadsramme godkjennast av Stortinget. Uansett meiner KrF at Stad skipstunnel må realiserast – dette prosjektet er for viktig til å vente. KrF har lenge gått i front for tunnelen – både lokale ildsjeler og sentrale politikere i KrF har jobba målretta for å halde oppe trykket for snarleg byggestart.

Kvifor Stad skipstunnel? – Stad skipstunnel vil gi betre tryggleik, meir forutsigbar ferdsel og høgare regularitet for skipstrafikken langs kysten. Stadhavet er eit av dei mest vêharde og krevjande farvatna i landet. Med tunnel unngår ein det mest utsette området.

Klima og miljø – Skip som i dag må vente på veret eller gå omvegar, kan spare både tid og drivstoff. Reduksjon i CO₂-utslepp er beregna til opp mot 60 % for skip som nyttar tunnelen.

Næringsutvikling og verdiskaping – Tunnelen vil redusere transporttid og betre kvaliteten på eksportvarer som laks og anna sjømat. Det gir auka konkurransekraft for ei av våre viktigaste næringar. Steinmassene som blir teke ut frå tunnelen skal nyttast til næringsareal, noko som vil gi nytt liv til lokale industriområde og generere arbeidsplassar i regionen

Reiseliv og nasjonal identitet – Stad skipstunnel vil bli eit nytt landemerke i norsk reiseliv. Eit ingeniørmessig storverk – det første i verda – og som vil tiltrekkje seg både nasjonal og internasjonal merksemd. Reiselivseffekten kan bli større enn vi i dag kan forestille oss.

Saka held fram etter annonsen

Samferdselspolitikk med bærekraft – I nasjonal transportplan (NTP) er Stad skipstunnel det einaste store investeringsprosjektet innan sjøtransport. Det viser kva slags symbolkraft og strategisk verdi dette prosjektet har. Det vil binde Vestlandet betre saman, og styrkja kyst-noreg i ei tid der vi må utnytte heile landet for å sikre vekst og bærekraft.

KrF har lenge gått i front for tunnelen – vi har bore den gule ledertrøya og jobba målretta kvar einaste dag for å halde trykket oppe for snarleg byggestart i 2026. Stad skipstunnel handlar om meir enn betong og dynamitt. Det handler om tryggleik for sjøfarande, grønare transport, framtidstru i distrikta og ein offensiv havnasjon. KrF kjem til å halde fram kampen – heilt fram til første skip seglar gjennom tunnelen.