Viktig satsing på barn og unge!

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
På siste kommunestyremøte før sommeren vart det fatta viktige vedtak som vil bety mykje for barn og unge i Aukra kommune. Aukra kommunestyre vedtok å etablere psykisk helseteam. I samband med psykisk helseteam blir psykologiressursen utvida til ei 100% stilling.
Psykiske lidingar blant barn og unge er dessverre ei aukande bekymring i samfunnet og lidingane påverkar unge sitt daglege liv. For å møte desse utfordringane er det nødvendig med eit robust og tilgjengeleg psykisk helsetilbod. Viktig at vi tek godt vare på borna og ungdomane våre.
I saka som omhandla friidrettsanlegg på Riksfjord vedtok kommunestyret at ein ikkje berre skal planlegge og prosjektere for eit friidrettsanlegg, men at ein også tek med planlegging og prosjektering av nytt kunstgrasdekke på Riksfjord Stadion. Dette blir eit løft for barne, ungdoms og vaksenidretten i kommunen vår.
Strålande 15 årsjubileum for Aukradagen!
Vi har akkurat markert Aukradagen. Vi har mange flott møteplassar i kommunen vår. Aukradagen er den viktigste! På denne dagen møtes vi for ein god prat. Næringslivet og frivillege lag og organisasjonar får visst seg fram på ein god måte.
I løpet av årets Aukradag kunne vi glede oss over mange flotte sang -og musikkinnslag frå hovedsena. Firmaet Odd Småge AS vart kåra til årets beste stand.
Eit anna høgdepunkt var kåringa av årets Aukraværing. I år gjekk denne prisen til redaktøren i Aukranytt, Tor Arne Aasen. Gratulerer så mykje til Tor Arne Aasen som med sitt store engasjement bidreg med å løfte fram alt som skjer i Aukrasamfunnet gjennom gode bilder, aktuelt nyhetsstoff og spennande reportasjar!
Riktig god sommar!
Eg vil ønske deg ein varm og solrik sommar fylt med avslappande dagar, gode stunder og minner du vil ta med deg vidare. Håper du får tid til å lade batteria, kjenne på gleden, og berre nyte øyeblikka.
Sommarhelsing
Helge Kjøll jr.
Ordførar