Ordførarhelsing april: Kjære innbyggjar!

Vårteikna blir stadig tydelegare og vi skal no snart feire 17.mai. Vi som bur ute ved kysten er så heldige å få vårteikna ekstra tidleg. Sola varmar meir og meir, graset veks, fuglane kvitrar og påskeliljemarka har i år som tidlegare år stått i full blomstring.
Vi har akkurat lagt bak oss ei flott jubileumsveke. Vi har på ulike måtar markert og feira at påskeliljemarka fyller 300 år og Aukra kyrkje fyller 190 år. Vi har hatt jubileumsgudsteneste, påskeliljemarsj, kyrkjevandring, kunstutstilling, ulike kulturarrangement og ikkje minst ein flott konsert med Caroline Krüger og Sigvart Dagsland i vår eiga storstove Wickssalen. Det har vore utruleg flott å sjå kor mange som har vore involverte i samband med desse jubileumsfeiringane.
Eit anna viktig jubileum dette året er at det 8. mai er 80 år sidan frigjeringa av Norge. Dette blir markert med eit flott arrangement i regi av Aukra sogenemnd i samarbeid med Aukra historielag i Wickssalen 8. mai kl.19.00.
17. mai skal vi feire i tradisjon tro med tog og ulike feiringar både på Gossen og i Julsundet. I ei uroleg verd er det viktigare enn nokon gong før å markere og slå ring om demokratiet vårt og fridomen som ligg i denne styringsforma. Skal vi ta vare på demokratiet vårt er det viktig at vi tek del i og ansvar for lokalsamfunnet vårt. At vi respekterer og snakkar godt om kvarandre, viser takksemd og at vi er kritiske til mykje av det som vert lagt ut på sosiale medium og meir tradisjonelle medium.
Eg ønskjer alle ei riktig god 17. mai-feiring!