Klokka 12 idag vibrerer mobilen din
Idag onsdag 8. januar mellom klokka 1155 og 1210 blir nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg i heile landet testa i ei felles nasjonal varslingsprøve, melder politiet og sivilforvaret.
Om testen
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Mobiltelefonar i hele landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler. Varselet for mobil blir sendt ut i tidsrommet klokka 1155-1210.
Kven får testen?
Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar som oppheld seg i Noreg og som er kobla på 4G/5G kan motta testen.
Dersom du ikkje ønskjer å motta testen, må du sette telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.
Kvifor testing?
Nødvarsel på mobil testast for å gjere befolkninga kjent med korleis det opplevast å få eit nødvarsel og for å sikre at systemet fungerar som det skal.
I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjdre for å beskytte deg sjølv.
Tyfonane blir testa kvart halvår, den andre onsdagen i januar og den andre onsdagen i juni. Hensikta er å avdekke tekniske feil og for å gjere befolkninga kjent med lyden og signalet.