Eg heiar på dei 4 prosentane ved Julsundet skole som har nynorsk
Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
«Stryker du i fransk, er det din egen feil. Det vet da alle. Men stryker du i nynorsk er det bare helt komisk og helt opplagt nynorsken sin feil, det vet også alle» – Stein Ørnhøi, Fædrelandsvennen 16.2.2005.
Dette pryda veggen på Ivar Aasen tunet då eg var der for nokre år sidan.
Som ei som har hatt nynorsk som hovudmål sidan barneskulen, bokmål som sidemål sidan ungdomskulen og fransk som språk på vidaregåande skule, så traff sitatet meg særdeles godt.
Eg er oppvaksen med å høyre at nynorsk er påtvinga, bortkasta og ikkje nødvendig – for kven bruker nynorsk når me har bokmål? Nynorsk er jo eit heilt ubrukeleg komplisert skriftspråk! Fransk, derimot, er eit vanskeleg språk, og dermed er det forventa at ein må setje av tid til å lære seg språket. Legg ein ikkje ned ein innsats, kan ein heller ikkje forvente gode resultat. Det same gjeld engelsk, som born har som fag frå første klasse.
Gode evner frå 1. klasse
Eg vil også nemne kort at ein av grunnane til att me startar med engelskopplæring i første klasse, er fordi born i denne alderen har ei god evne til å fange opp uttale og ordforråd gjennom leik, song og munnleg eksponering!
Matematikk er heller ikkje eit enkelt fag for mange, men også her handlar det om eigen innsats og hjelp frå andre for å meistre faget opp til dei individuelle føresetningane borna har.
Ein stor fellesnemnar eg merka meg, er at fleire har ei “gidd ikkje”-haldning til nynorsk. Det er på førehand bestemt at det er stygt, komplisert og gjerne unødvendig, og derfor ønskjer ein gjerne ikkje å leggje ned ein innsats. Men kvifor blir nynorsken satt slik til sides? Kven har bestemt at nynorsken skal vere stempla vanskeleg og dermed mindre verdt enn bokmål?
Bokmål lærer me oss uansett. Monica Tindeland skreiv eit innlegg på Framtida.no for ti år sidan som eg framleis finn relevant:
“Eg forsto no verkeleg at nynorskbrukarar har rett til å bruke sitt skriftspråk, og at bokmålsbrukarar må respektere dette og lære seg begge målformene. Akkurat som nynorskbrukarar må lære seg bokmål. (…) Eg må likevel konsentrere meg meir når eg skriv, noko som eg ser på som positivt. Ved å konsentrere meg får eg eit betre språk og færre tullefeil, som eg ofte får på bokmål. Tekstane blir betre og flyt betre.”
Monica fortel at ho, som sjølv hata nynorsk på ungdomsskulen, fann respekt for det nynorske skriftspråket i løpet av vidaregåande. Sitatet eg la ved viser til at me blir så van med bokmål at me blir slurvete i tekstane. Dette er eg jamleg vitne til, mellom anna i kommentarfeltet på Facebook, på skulen og i den vanlege kvardagen rundt oss i form av reklame og arbeidsliv.
I løpet av min første månad som ungdomsskulelærar måtte eg lage ei utryddingsliste med tullefeil eg fann i elevtekstane. Dette var enkle feil som “og sann” i staden for “og sånn” og “me” i staden for “med”. Dette er ikkje berre tullefeil som eg ser hos elevar, men også blant vaksne (i tillegg til mangel på punktsetjing.)
Ved å ha meir fokus på korleis ein skriv og ta seg tid til å øve på skriftspråket, blir ein betre skrivarar, uavhengig om det er noko som er sjølvsagt at ein kan, eller noko ein må setje av tid til å lære.
Eg skal vere ærleg på at eg er ikkje noko betre sjølv i alle settingar, men eg har oppdaga at desse tullefeila kjem når eg hovudsakeleg nyttar bokmål, eg blir påverka av det eg les hos andre, mindre nøye og dermed slurvete.
Eit anna argument som eg ser går igjen er at ein treng ikkje å forhalde seg til nynorsk i vaksen alder. Dette vil eg påpeke er feil.
Flest nynorskkommuner
I Møre og Romsdal finst det ifølgje Språkrådet sine sider ikkje ein einaste kommune som har bokmål som fastsett skriftspråk. Det er 14 kommunar som nyttar nynorsk, medan 13 held seg nøytrale. Det vil seie at dei fleste kommunane i fylket vårt nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon. I heile Noreg er det 88 kommunar som nyttar nynorsk, medan 118 nyttar bokmål og 151 er nøytrale. Som nøytral har ikkje den enkelte kommunen krav om eit bestemt skriftspråk, og statlege organ kan nytte både bokmål og nynorsk som administrasjonsspråk.
Om ein vel å gå vidare til høgare utdanning i Noreg, har også institusjonane krav om å bruke mellom 25 og 75 prosent av kvart skriftspråk på nettsidene sine, i sosiale medium og i allment tilgjengelege dokument, med Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda og Statens lånekasse for utdanning på topp. I alle statlege organ skal også minst 25 prosent av all tekst vere på nynorsk.
Sjølvsagt, det kan hende at ein som vaksen, etter siste eksamen på ungdomsskulen eller vidaregåande, ikkje har behov for å skrive nynorsk dersom ein føretrekkjer bokmål, men skriftspråk handlar om mykje meir enn berre å skrive. Det handlar også om å kunne lese og forstå innhaldet i ein tekst.
Eg bur no i hjartett av Sunnmøre, og treng faktisk ikkje å gå lengre enn til kjøpesenteret Alti før eg blir møtt med nynorsk tekst i kommunikasjon og reklame. Senterleiaren fekk i 2022 Ørsta Mållag si utmerking Målblomen. Juryen grunngav utmerkinga med at “Bruk av nynorsk i all skriftleg kommunikasjon er av høgste verdi for det nynorske språket, også for næringslivet i Ørsta. Det er særleg viktig at born og unge, som til dagleg badar i bokmål, får oppleve at deira eige språk, nynorsk, er i bruk i alle samanhengar.”
Gi elevane eit godt utgangspunkt
Det er sju år sidan førre gong det var avstemning om målforma ved Julsundet skole. Grunnlaget då var at det kom foreldre som ønskte nynorsk for borna sine i første klasse. Det resulterte i at tavleundervisninga blei delt med bokmål med blå tusj, og nynorsk med raud. Det var vanskeleg for borna å halde følgje, meinte foreldre til bokmålselevar den gongen.
Men kva skjer når borna kjem på ungdomsskulen og klassen skal lære seg eit sidemål i tillegg til eit ekstra språk, og som ein etter tre år skal ha eksamen i?
Er det ikkje betre for elevane å gi dei eit godt utgangspunkt og dermed starte med å eksponere borna for nynorsken så tidleg som mogleg, når det i tillegg er vitskapeleg bevist at språklæringa er betre i tidleg alder, og føresette kan henge med og hjelpe til i læringa frå første lærebok?
No har kommunestyret i Aukra vedteke å gjennomføre ei rådgjevande avstemming om kva som skal vere målforma ved Julsundet Skole. Det er 8 år sidan eg flytta heimanfrå, men likt som i 2019 klarer eg ikkje å la vere å seie noko.
Varaordførar Rita Rognskog viser til at 96 prosent av elevane ved Julsundet skole har bokmål som hovudform, difor vil ein gjennomføre ei rådgjevande avstemming om målforma. Ved kommunen sin andre barneskule, som har same namn som lokasjon, Gossen, er det til samanlikning heile 60 prosent som har nynorsk som hovudmål.
Respektèr nynorsk i Aukra
Eg heiar på dei 4 prosentane ved Julsundet skole som har nynorsk.
For nynorsk er ikkje vanskelegare enn bokmål. Nynorsk er ikkje mindre verdt. Når ein har valt å flytte til nynorskkommuna Aukra, meinar eg ein må respektere eksponeringa ein får, i staden for å ville endre på den.
Eg likar å tru at me alle ønskjer det beste for borna.
Å ta bort dei få prosentane borna blir eksponert for, er ikkje rettferdig for nokon. Verken for elevane som har nynorsk som hovudmål som med andre ord blir fortalt at deira målform ikkje er ønskja, at den er vanskeleg, distraherande og ikkje verd noko. Ei heller for elevane med bokmål som hovudmål, som blir eksponert for bokmål i større grad i kvardagen, og misser det vesle dei har av nynorsk i skulen som førebur dei til sidemåleksamen i 10. klasse, og språkforståing seinare i livet. Det er å gjere borna ei bjørneteneste.
Eg ønskjer ikkje å argumentere bort bokmål, for bokmål har også ein verdi og er like viktig som nynorsk. Men eg saknar respekt for nynorsken og for jamstillingsvedtaket fra 1885, som seier at skriftspråka skal vere jamstilte.
Ikkje vanskelegare enn ein gjer det til sjølv
Eg vil også setje lys på at nynorsk ikkje treng å vere vanskelegare enn det ein gjer det til sjølv, noko eg hinta om innleiingsvis.
Born i første klasse har stort sett ikkje noko formeining om kva som er enklare eller vanskelegare, med mindre dei lærer at det eine er vanskeleg og det andre er enkelt, og slik ikkje gir dei føresetnaden for å klare det.
Klarer ikkje borna å treffe mål i fotball, å sykle eller å klatre på klatrestativet, så heiar me på dei og gir dei tru på at dei skal få det til. Me ber dei om å prøve på ny om og om igjen, gir dei ein god highfive og skryt når dei klarer det. Har ein gloseprøve i engelsk, så sit ein og øver. Eg hugsar framleis at eg og pappa sat heime i stova på kveldane og øvde på orda som stod på vekeplanen før gloseprøva. Øving gjer tross alt meister.
Eg seier heller ikkje at me skal bagatellisere at nynorsk kan vere vanskeleg på lik linje som andre skulefag, aktivitetar og ferdigheiter.
Men eg skulle ønskje me var flinkare til å omfamne, heie og fortelje borna våre: “Ja, det kan vere vanskeleg og uvant, men me skal øve på det, så får du det til!” også når det gjeld nynorsk.



