Aukranytt
1 minutt lesetid

Opnar kyrkjelydshuset for ungdom etter bilulukka i Mordalsvågen

Aukra kommune melder at dei tilbyr ungdomar å samlast i kyrkjelydshuset på Gossen i samband med bilulukka ved Mordalsvågen sist veke der ein ungdom omkom.

Saka held fram etter annonsen

– Etter den tragiske ulukka i Mordalsvågen, veit vi at mange ungdommar har behov for å vere saman, møte vener og ha nokon å snakke med. Difor opnar vi kyrkjelydshuset på Gossen onsdag 12. august kl. 1800. Her kan du kome akkurat som du er. Du kan vere saman med andre, prate, eller berre vere der. Det er heilt opp til deg, skriv kommunen på nettsidene sine.

Det vil vere trygge vaksne til stades gjennom kvelden. Dersom ein har behov for å snakke med nokon, anten åleine eller saman med andre, er det også mogleg.