Aukranytt
3 minutter lesetid

Helse til føretaket

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Rasering av helsetilbodet i eitt av verdas rikaste land

eg seier: At det går ann

Eige journalsystem i helse midt

mange kallar systemet noke skitt

For Helse Midt det skulle vere heilt spesial

for nasjonen vi skulle ikkje få noken mal

Nye sjukehusbygg gir mindre til pleie 

ja kva skal ein til det seie 

Til nye bygg tenar staten store pengar på utlån,

men for folket er denne ordninga eit stort hån

Renter og avdrag budsjettet det belastar 

medan tilsette rundt på sjukehusa dei hastar

Tillitsvalde ropar varsku her

om innsparingar både her og der

Fleire helsetilbod kan verte sentralisert

ikkje rart ein vert sint og frustrert

Det vert vurdert å kutte både akutt og føde 

hjelpe meg for ei møde

Og det kan bli endå mindre til psykiatri

styret ser på geografi

Det skal også kuttast i beredskap og i ambulanse 

Vestre, no tar du ein stor sjanse

I stillingar det skal bli kutt

no må dette tullet ta slutt 

Men nåde deg om de igjen strukturen rører

folkets brøl eg no hører

Dette er ikkje trygt

dette blir stygt