Aukranytt
2 minutter lesetid

Sp og Ap kastar Møre og Romsdal under bussen!

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Ikkje ei krone i statsbudsjettet til helse òg sjukehustjenestene i Møre og Romsdal. No skal helseforetaket berre måtte kutte ca 1 milliard kr, lega, sjukepleiarar, og helsepersonell blir sagt opp, og Sp og Ap løftar ikkje ein finger.

Saka held fram etter annonsen

Dette er konsekvensen etter at Sp sikra fleirtal for årets reviderte statsbudsjett.

Den viktigaste saka for alle som bur her i fylket er neglisjert, og innbyggjarane i heile Møre og Romsdal skal berre måtte finne seg i at DPS blir flytta, tjenester kutta, og at ambulansetjenesten blir radert i distrikta.

Som om ikkje dette var nok, har SP solgt vekk sitt standpunkt om rimeligare drivstoff, der pumpeprisen kjem til å gjere eit gedigent byks den 1. september.

1. september blir med andre ord ein merkedag for Sp i praksis, der vanlige folk, transport, bygg og anleggsbransjen samt landbruksnæringa verkeleg igjen skal få svi for skyhøge drivstoffprisar.

Vekk var Sp sitt arbeide for distrikta, no er det igjen Ap som styrer skuta.

Møre og Romsdal som landets største næringsfylke blir ramma hardt, men dettte bryr altså Sp seg overhode ikkje om,

Aldri før har det vore meir klart at landet treng eit regjeringsskifte,

Ap òg «tuttifruttiregjeringa» har verken folket eller næringslivet råda til lengre, og her i Møre og Romsdal skal befolkninga altså sannsynligvis få landets dårlegaste helse og sjukehustjenester.