Aukranytt
2 minutter lesetid

Stopp dei uakseptable kutta i sjukehusa våre!

Dette er eit meiningsinnlegg som utrykker synspunkta til innsendarane

Varslingane om yttarlegare, drastiske kutt i Helse Møre og Romsdal tikka inn gjennom helga. Forslaga er heilt uakseptable.

Saka held fram etter annonsen

Vi er vitne til ei uforsvarleg rasering av helsetilbodet til innbyggjarane i eit heilt fylke. Innsparingane går på akkord med prinsippet om likeverdige helsetenester, på akkord med Stortinget sine vedtak, og på akkord med faglege føringar.

Å setje akutt og føde i Volda på spel er heilt uforsvarleg! Det er sjukehuset til 50 000 innbyggjarar! Å byggje yttarlegare ned i Kristiansund og å kutte endå meir i ambulansetenesta øydelegg tryggleiken vår. Det er uakseptabelt, og kjem på toppen av allereie svært drastiske kutt som har gått ut over både pasientar og tilsette. Psykisk helse og rus, spesialisert rehabilitering, prehospitale tenester, tilsette som ropar varsku om uhaldbare forhold – det einaste som ikkje blir kutta, er mengda direktørar.

Vi skal ha tre fullverdige sjukehus i fylket. Punktum. Vi skal ha likeverdig helsehjelp uavhengig av bustadadresse. Vi skal ha fagleg forsvarlegheit og trygg helseberedskap. Det som skjer no, er det motsette.

At helseføretaksmodellen har spelt fallitt, visste vi. Men at det skal måtte gå så langt – å tillate at økonomi skal trumfe liv og helse til innbyggjarane i fylket, det går berre ikkje an. Eit samla fylke må setje foten ned.

Helseministeren har ein ting å gjere – rydd opp!