Aukranytt
3 minutter lesetid

Svekka ambulansetjeneste er svekka beredskap!

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Gjennom media vart vi for ei kort stund tilbake gjort kjent med at ei arbeidsgruppe i Helseføretaket foreslår å kutte i ambulansetjenesta fleire stader i Møre og Romsdal. Eit av forslaga som er lagt fram er ei samanslåing av ambulansetenesta i Aukra og Midsund.

Saka held fram etter annonsen

Forslaget inneber at Helseføretaket skal spare 20 mill. kr i såkalla prehospitale tenester, og ønskjer å erstatte ordinære ambulansar med det ein kallar «ein-reddar» løysingar fleire stader i Møre og Romsdal.

Det kan ikkje vere tvil om at «ein-reddar» løysing ikkje vil kunne gje same beredskap som ein fullt bemanna ambulanse. Éin person kan faktisk ikkje både vurdere, behandle, overvake og klargjere transport av ein alvorleg sjuk eller skadd pasient. Dette må vel føre til meir ventetid? Ventetid på ekstra hjelp, på transport eller diverse avklaringar. Ein kan miste viktig tid, tid som er viktig med tanke på rett hjelp og så rask hjelp som mogleg.

For øydelen av Aukra kommune vil eventuell innføring av «ein-reddar» modellen medføre svekka beredskap. Dette både på eit generelt grunnlag, men ikkje minst med tanke på at ein er avhengige av ferje. Svekka ambulansetjeneste betyr også svekka beredskap med tanke på ilandføringsanlegget på Nyhamna. I dagens situasjon burde vi ha fått styrka beredskapen ikkje svekka den, slik ein no legg opp til.

Rapporten som omtalar kutt i ambulansetenesta er send ut på ekstern høyring til mellom anna Aukra kommune. Forslaga som ligg i rapporten skal etter plana handsamast på Styremøte i Helse Møre og Romsdal i juni.

Kva tenkjer Ordføraren om forslaga til kutt i ambulansetenesta og korleis meiner ordføraren vi kan jobbe for å unngå desse kutta som vil medføre svekka beredskap for Aukra kommune?

Ingunn Hjelmås

Aukra KrF