Aukranytt
2 minutter lesetid

Kom mai du skjønne milde!

Ja, etter eit par dagar med litt vinterleg krampetrekning kan vi no stemme i vårsongen «Kom mai du skjønne milde».

Saka held fram etter annonsen

Ein song som har vore sunge i generasjonar til ære for mai månad. Månaden som for mange betyr starten på ein varm og deilig del av året. Mai er ikkje minst feiring av nasjonaldagen vår 17.mai! I ei tid kor demokratiet mange stader er på tilbakegang, er denne dagen viktigare å feire enn nokon gong før. 

Arbeidet som Eidsvollmennene la ned rundt utforminga av Grunnlova vår i 1814 oppstod ikkje heilt av seg sjølv. Dei var inspirerte av både den Nordamerikanske uavhengighetserklæringa frå 1776, og den Franske menneskerettserklæringa frå 1789.

Når det gjeld den Nordamerikanske uavhengighetserklæringa så vart Nord-Amerika erklært uavhengig av England, og Amerikas forrente statar blei danna (USA). Det sentrale i uavhengighetserklæringa var at «alle mennesker er født like og har rett til frihet og muligheten til å skape et lykkelig liv».

Den Franske menneskerettserklæringa frå 1789 slår fast fire grunnleggande rettigheiter: Friheit, eigendom, sikkerheit og motstand mot undertrykking.

Begge desse erklæringane har eit klart fokus på menneskeverd og likeverd. Kvart enkelt menneske er like verdifullt og skal kunne stå fram med meiningane sine.

Hal Koch – dansk teolog og samfunnsdebattant seier følgande om demokratiet: «Demokratiet er en måte å leve og snakke sammen på fra hverdagen i familien til det politiske liv og statens styre – en livsform – vi skal oppdra til selvstendighet og menneskelighet – bygge på respekten for mennesket. Dialogen må stå sentralt.»

I ei tid med mykje krig og konflikt er dette gode og kloke ord.  Det blir viktig at vi alle gjennom samtalen rundt middagsbordet bygger opp under demokratiet og verdiane demokratiet bygger på. Lykke til med å leve ut demokratiet i kvardagen og lykke til med 17.mai feiringa!