Russetida blir endra – her finn du nyttig informasjon
Det nærmar seg russetid. Skjønt, i år er det litt lenger til utfrå endringane som er innførte. Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd ei samleside med aktuell informasjon som er verd å få med seg for både ungdom og føresette.
Ei nasjonal arbeidsgruppe har blitt einige om ein strategi og handlingsplan for ei ny russefeiring. Innspel frå ungdom frå heile landet skal vere teke med i arbeidet.
Flytta russetid
I dette ligg mellom anna at russetida blir flytta til etter at dei skriftlege eksamenane er unnagjort i midten av mai. Desse er flytta fram for å tilpassast den nye tanken om «test» før «fest». Dermed begynner den ikkje .enger før eksamen frå slutten av april som tidlegare.
Nye reglar for køyretøy
Frå 1. januar 2026 er det ikkje lov til å bruke sidevendte sete og ståplassar under køyring. Utover dette er det og fleire andre viktige ting å gjere seg kjend med før ein set seg i russebilen.
Gode råd
Samlesida innheld både linkar og filmsnuttar med ulike nyttige råd. Her er det mykje å finne og som foreldre/føresette.
Her finn du samlesida med informasjon:
Avgangsmarkering og russetid – Møre og Romsdal fylkeskommune


