Aukranytt
3 minutter lesetid

Det startar med deg

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til skribenten

Visste du at for kvar krone som blir brukt på førstehjelpsopplæring i Noreg, får samfunnet tolv kroner tilbake? Det viser ei undersøking frå Norsk Førstehjelpsråd. Det er betre avkastning enn det meste anna vi investerer i. Men dette handlar ikkje først og fremst om pengar, det handlar om liv.

Saka held fram etter annonsen

Kvart år opplever menneske i nærmiljøet vårt at nokon fell om med hjartestans, får hjerneslag eller at eit barn set noko i halsen. Ulykker skjer brått og brutalt. I dei minutta før hjelpa kjem, er det éin ting som avgjer utfallet: Nokon må gjere noko.

Tidleg førstehjelp er ofte heilt avgjerande for om helsepersonell får moglegheit til å redde liv når dei kjem fram. Utan innsats frå folk på staden kan sjølv den beste medisinske kompetansen kome for seint.

Vi lever i ei tid der beredskap blir diskutert meir enn på lenge. Totalforsvar, kriser og uforutsigbarheit pregar nyheitsbiletet. I år er det òg totalforsvarsåret, men beredskap handlar ikkje berre om offentlege etatar og blålys. Det handlar om deg og meg, og kva vi gjer når det verkeleg gjeld.

Stiftinga Norsk Luftambulanse har no lansert Akutt-ABC, eit gratis førstehjelpskurs som lærer deg det viktigaste du må kunne når nokon er livstrugande sjuk eller skadd. Kurset finn du på stiftelsen sine heimesider. Ta deg i dag, i morgon kan du redde liv.

Å lære førstehjelp er kanskje den viktigaste investeringa du kan gjere for familien din, naboen eller kollegaen din.

Det startar med deg!

Kvart år, frå 1. – 30. april, arrangerer Stiftinga Norsk Luftambulanse Akuttaksjonen. Aksjonen handlar om å styrkje helseberedskapen i Noreg ved å gjere befolkninga budd og kompetent til å bidra når liv eller helse er i fare.