Ny lokalavis lansert
Eigarselskapet til Aukranytt, Tvisyn Media AS, utvidar avisfamilien. Den nye nettavisa Moldefjord skal dekke Skåla, Bolsøya og Sekken. Magne J. Krumsvik som er redaktør for Midsundingen, blir og redaktør for den nye lokalavisa.
Saka blei først publisert av Midsundingen, ei søsteravis av Aukranytt
Tvisyn Media eig frå før Aukranytt, Avisa Lofoten, Malviknytt, Midsundingen, Vestnesavisa, Øyblikk og Østhavet. I tillegg er selskapet deleigar i Hustadvikingen og RÅ24.
– Vi skal halde fram med satsinga i Midsund akkurat som før. Faktisk er vi på jakt etter fleire frilansjournalistar som skal vere med å lage ei endå betre Midsundingen, seier Magne J. Krumsvik.
Den nye lokalavisa, Moldefjord, har tilsett Trine Aas-Risvik som redaksjonsleiar med delegert redaktøransvar for Moldefjord. Ho har brei erfaring frå lokaljournalistikken, mellom anna som redaksjonsleiar i Vestnesavisa og som journalist i Haramsnytt og Vikingposten i Spania.
To aviser til prisen av éi
– For å styrkje medietilbodet i regionen har vi valt ein abonnementsmodell som kjem lesarane til gode. Alle som tingar Moldefjord, vil også få tilgang til Midsundingen – og omvendt, seier styreleiar i Midsundingen AS og Tvisyn media AS, Robin Røkke.
Han viser til at Moldefjord skal vere ei fullverdig nettavis som dekkjer eit breitt spekter av lokalt stoff.
– Lesarane kan vente seg vesentleg innhald og nærstoff innan både nyhende, debatt, kultur og sport, seier Røkke.
Han fortel at Aas-Risvik alt er i full sving med å fylle spaltene.
– Det er utruleg spennande og gøy å få vere med på å skape noko heilt nytt. Eg er alt i gong med å skrive saker frå dekningsområdet, seier ho.
I tillegg til Aas-Risvik har avisa knytt til seg lokale bidragsytarar og journalistar som vil bidra til å gjere avisa relevant for alle som bur i dekningsområdet.
Skal lage innhald om viktige, lokale saker
Styreleiar i Midsundingen AS og Tvisyn media AS, Robin Røkke, seier at etableringa følgjer ein modell selskapet har god tru på. Tvisyn media AS har erfaring med å gå inn i geografiske område som ligg i utkanten av dei større byane.
– Dette er ein kjent strategi for oss. Det som skjer i desse områda er kanskje ikkje alltid like interessant for dei største media, men det er svært viktig for dei som bur her. Vi håper vi raskt gjer oss fortente til det tingartalet som trengst for å halde satsinga gåande i framtida, seier Røkke.


