Aukranytt
5 minutter lesetid

Sp meiner at Vestlandet må prioriterast, Frp!

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Frank Sve må ta innover seg at Frp si prioritering av togprosjekt på Austlandet går utover oss på Vestlandet.

Saka held fram etter annonsen

Eg meiner at vi må jobbe meir i lag regionalt for å løfte samferdsleinvesteringane her, heller enn å kome med billege sleivspark, slik som Sve gjer.

Vi treng engasjement rundt samferdsel på Vestlandet, men når debatten om E39 og fjordkryssingane blir redusert til store ord og bastante påstandar om at jernbanestrekningar på Austlandet er «viktigare» enn vegane som bind saman Møre og Romsdal, er det nødvendig å gå tilbake til det som faktisk har skjedd.

For tolv år sidan vedtok Stortinget to store og likeverdige løfter: InterCity på Austlandet og ferjefri E39 på Vestlandet. Begge prosjekta hadde om lag same kostnad og same ambisjon. Tolv år seinare står vi i ein situasjon der det er brukt 103 milliardar kroner på InterCity, medan det til fjordkryssingane på E39 er brukt 2,9 milliardar kroner i statlege midlar. Sjølv om ein tek med alle vegutbetringar og bompengar, landar E39 samla på om lag 29 milliardar kroner – ein fjerdedel av InterCity-satsinga.

Dette handlar ikkje om meiningar. Det handlar om tal, og tala viser at staten har brukt 37 gonger meir på jernbane til og frå Oslo enn på å erstatte ferjene som bind saman næringsliv og arbeidsmarknaden på kysten av Vestlandet. At det då fremjast påstandar om at Vestfoldbanen skulle vere viktigare enn fjordkryssingane i Møre og Romsdal, heng rett og slett ikkje saman med realitetane.

Det er også verdt å minne om kva desse prosjekta eigentleg skal løyse. InterCity er først og fremst eit pendlartiltak for storbyregionen rundt Oslo, utforma for å handtere befolkningsvekst og bustadpress i hovedstadsområdet. Slik beskrivast det også i rapportane som ligg til grunn for prosjektet. E39 handlar derimot om noko heilt anna: eksport, verdiskaping, beredskap, busetjing og evna til å halde saman eit heilt Vestland. Det er infrastruktur som skapar arbeidsplassar og konkurransekraft i heile landet – ikkje berre i éin region.

Når vi ser på resultata av satsingane, blir kontrastane endå tydelegare. InterCity har fått over hundre milliardar kroner, men leverer lite av det som vart lova: høge kostnadsoverskridingar, svak måloppnåing og fleire delstrekningar med tydeleg negativ samfunnsøkonomisk nytte. På E39 har derimot dei prosjekta som faktisk er gjennomført vist gode effektar og positive økonomiske vurderingar, som Ryfast og Eiganestunnelen. Samstundes står dei store gevinstane både i reisetid, beredskap og næringsutvikling uløyst så lenge fjordkryssingane ikkje realiserast. Det viser med all tydelegheit at utfordringa ikkje er manglande potensial på Vestlandet, men manglande nasjonal oppfølging.

Dette er bakgrunnen for at stadig fleire på Vestlandet no spør om vi må finne nye måtar å finansiere E39 på. Når løftet frå 2013 ikkje følgast opp i dei nasjonale planane, må vi ta ansvar for å sikre framdrift sjølv. Det handlar ikkje om å skape konflikt mellom landsdelar. Det handlar om å faktisk få gjort det som vart lova – og som Vestlandet treng for å lukkast.

Saka held fram etter annonsen

Eg er ikkje vald inn for å bidra til meir støy i debatten. Eg er vald inn for å sørge for at Møre og Romsdal og resten av Vestlandet får sin rettmessige del av dei nasjonale investeringane. Då må vi forhalde oss til fakta, ikkje til overskrifter. Fakta er at Vestlandet er kome dårleg ut i tolv år. Fakta er også at utan nye grep vil det halde fram slik.

Det er difor Initiativ Vest sin rapport er viktig. Ikkje fordi den peikar ut nokon syndebukk, men fordi den dokumenterar ein utvikling ingen kan vere fornøgd med. Det er også difor vi må vere opne for nye måtar å få prosjekta realisert på, enten det gjeld lengre nedbetalingstid, justerte standardar eller dedikerte prosjektorganisasjonar. Alternativet er at fjordkryssingane framleis står på vent etter 2036, medan InterCity fullførast.

Vestlandet treng ikkje fleire ordskifter som leiar ingen veg. Vi treng framdrift, realisme og tiltak som gir resultat. Det er difor eg vel å halde fokuset mitt der det høyrer heime: på dei løysingane som faktisk bidreg til at Møre og Romsdal og resten av landsdelen kan utvikle seg og skape verdiar for heile Noreg.