Meir enn 60 000 personar kan få sletta studielån
Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
Frå 1. januar 2026 blir eitt av dei viktigaste distriktsgrepa i nyare tid ein realitet. Fleire tusen innbyggjarar i dei minst sentrale kommunane kan då få sletta 25 000 kroner av studiegjelda si kvart einaste år. I Nord Troms og Finnmark blir ordninga ytterlegare styrkt.
Målet er å sikre rekruttering av folk og kompetanse til næringsliv og velferdstenester i alle delar av landet.
Skal vi motverke sentralisering og byggje sterke lokalsamfunn i heile landet, må vi legge til rette for at folk kan bu og arbeide der behova er størst.
Ordninga skapte stort engasjement hausten 2025 då Arbeidarpartiet forsøkte å svekkje ho, i strid med eigne løfte. Reaksjonane var sterke, og regjeringa måtte rydde opp. No er statsbudsjettet vedteke, og ordninga ligg fast.
Senterpartiet har vore tydelege på at gjeldsslette for dei som buset seg i distrikta er eit målretta og effektivt verkemiddel.
Gjeldsslettinga skjer etter søknad. Alle som bur i dei minst sentrale kommunane, som kvalifiserer for ordninga og som har studiegjeld, kan søkje Lånekassen frå 5. januar 2026. Gjeldsslettinga gjeld frå datoen du har meldt flytting til ein kommune som er omfatta av ordninga. Har du budd i ein slik kommune før 1. januar 2025, kan du søkje om sletting frå 1. januar 2026.
Dette er viktig for utviklinga av den kompetansen Noreg treng, i alle delar av landet,
Vi slettar studiegjeld fordi vi vil at folk skal kunne velje å bu og jobbe i heile Noreg. Lærarar, helsepersonell, handverkarar og industriarbeidarar er heilt avgjerande for levande lokalsamfunn i heile Noreg.
Noreg investerer kvart år store summar i utdanning og kunnskap, no brukar vi noko midlar også på å stimulere til at denne kunnskapen kjem heile landet til gode.
På same måte som vi har ordningar for å møte storbyane sine utfordringar, så treng distrikta andre verkemiddel. Det at vi no får på plass ei så viktig ordning er eit viktig gjennomslag for Senterpartiet.



