God jul, takk for 2025 og alt godt for 2026!
Det nærmar seg jul og 2025 går mot slutten, då er det tid for litt oppsummering og takk frå Aukranytt-redaksjonen.
Når dette blir skrive lillejulaften rundar den vesle redaksjonen 1100 publiserte saker sidan Aukranytt gjekk på nett 1. august 2024.
Som redaktør er eg svært takksam for alle som har fulgt oss lenge, ja ein del heilt frå starten, og eg er glad for de som kjem til veke for veke som nye abonnentar. VI skal gjere vårt beste for å arbeide fram små og store saker vidare – dei viktige sakene, og dei som kanskje ikkje er viktige, men likevel kjekke å lese frå lokalsamfunnet.
Ikkje minst ser eg og tilbake på den store opplevinga og anerkjenninga det var av arbeidet med Aukranytt å bli kåra til årets aukraværing.
Frivilligheita er sterk i Aukra med eldsjeler og organisasjonar som gjer ein forskjell for andre i kvardagen. Den fortener stor ros.
Arbeidet de gjer kan aldri erstattast av gullet frå Nyhamna. Anten det er sårt tiltrengt hjelp og omsorg for eldre, vedlikehald av eit godt oppvekstmiljø eller kulturpåfyll for sjela, så er det vi menneske gjer for andre menneske uerstatteleg. Den årvisse Frivilligfesten samla mange av dei som stadig gir av seg sjølv. Der fekk Inger Lyngvær årets frivilligpris for det store engasjementet for demens-saka. Vi gratulerer så mykje igjen og heiar på deg og resten av frivilligheita i året som snart tek til.
Fokuset på digital inkludering i regi av digital kafe og Seniornett Aukra er eit anna viktig frivillig arbeid. Nyleg sette dei opp sin første konferanse. Aukranytt ser det som ein del av det utvida samfunnsoppdraget å bidra der vi kan med fokus, omtale og informasjon kring digital inkludering. For dette er viktig arbeid å lukkast med.
Ei stor personleg takk vil eg rette til Oddmund Varhaugvik. I haust gjekk Aukranytt over til eiga utkøyring av avisene innanfor Aukra kommune. Vi ønska å yte betre service ved å få avisa raskare ut til abonnentane samanlikna med den ordinære postomberinga.

Oddmund Varhaugvik er kjent som ein god hjelpar for mange. Då det tilfeldig vart nemnt at redaktøren ville køyre ut avisene sjølv var Oddmund raskt på og tilbydde hjelp. Dermed går turen rundt Gossen unna i ein fei. Først sorterer han bunken frå trykkeriet i sirleg og kronologisk rekkefølgje før turen går via alle postkassene han har full kontroll på. Med hyggeleg prat undervegs er det gjort på knappe to timar. Som kuriositet kan nemnast at redaktøren brukte 5 timar på ei runde åleine skjertorsdag.
Mange takk elles for innspel, tips til saker og til alle som har stilt opp for Aukranytt året som har gått, enten redaksjonelt eller som gode hjelparar! Vi håpar på det same i 2026.
Siste veka i 2025 unner vi oss litt ferie og reduserer aktiviteten noko på aukranytt.no, men vi er sjølvsagt på om nyheitsbildet skulle trenge oss.
Dei beste ønskje for ei riktig god jul og alt godt for det nye året!


