Aukranytt
3 minutter lesetid

Ansvarlege og framtidsretta prioriteringar for Aukra

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendarane

KrF, Senterpartiet og Venstre fekk fleirtal for alle budsjettforslaga våre i samband med budsjettet for 2026. At 14 av totalt 20 forslag var einstemmig vedtatt er vi sjølvsagt ekstra fornøgde med. Eit av forslaga, gang -og sykkelveg Småge-Smågetoppen og gang -og sykkelveg Rød -Oterhals, var eit felles forslag frå alle partia i kommunestyret. Vårt klare mål er å styrke tenestene, sikre god samfunnsutvikling og skape ein attraktiv kommune for framtida.

Saka held fram etter annonsen

Vi prioriterer tiltak som støttar opp under folkehelse, inkludering, og vidare utvikling av eit attraktivt lokalsamfunn. Vi foreslo mellom anna å innføre ei 40 prosent stilling som avdelingsleiar for framandspråklege elevar, auke støtte til veterinærordninga, auka tilskot til Aukra sokn for mellom anna å kunne jobbe vidare med å få på plass ein minnelund, auka midlar til digitalt utanforskap og styrke matbudsjettet i institusjonane. Desse tiltaka handlar om å ta vare på menneska som bur her – unge og gamle, einslege og familiar.

På samfunnsutviklingsområdet foreslo vi justeringar i fleire store prosjekt slik at investeringane held god framdrift. Vi vil mellom anna sikre framdrift i idrettshall-prosjektet, sambrukshuset i Julsundet og nødvendig sanering av Riksfjord skole. Vi er redd for at forslaget frå Ap og H om å utsetje bygginga av idrettshall på Gossen til 2028 berre vil føre til eit meir kostbart prosjekt. Vi ønsker også å stå fast på vedtaka som tidlegare er fatta i denne saka. Dette gir forutsigabarheit og trygg framdrift for både idrettshall på Gossen og sambrukshus i Julsundet.

Gjennom verbalforslaga våre ønskjer vi å få satt på sakskartet og utreda fleire viktige utviklingssaker:
– Ei ordning med gratis bustadtomt på Gossen for å styrke rekrutteringa og få fleire til å busette seg i kommunen
– Ei velkomstpakke for nye innbyggjarar, gjerne i samarbeid med Aukra Næringsforum
– Klare føringar for vidare utvikling av området til tidlegare Aukra fiskarfagskule, slik at det ikkje blir selt før kommunen har kontroll på planane for bustadutvikling
– Vidare utgreiing av ein innbyggjarapp, men med fokus på å bruke løysingar som allereie er utvikla i andre kommunar, i staden for å starte heilt frå scratch.
– Utgreiing av busskur ved Hoksneskrysset

Vi meiner dette budsjettet viser ein heilskapleg politikk som kombinerer ansvarleg økonomi med satsing på folk, fellesskap og lokal utvikling. Vi vil at Aukra skal vere ein kommune som både inviterer og inkluderer og ikkje minst ein kommune som vågar å satse.