Aukranytt
3 minutter lesetid

Nei til syntetiske metanhemmarar

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

8 utsendingar frå Møre og Romsdal deltok på landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS). NBS har hatt stor medlemsvekst den siste tida, også i vårt fylke. Fylkesleiar Ola Kvendset vart vald inn i sentralstyret, og lokallagsleiar i Volda og Ørsta, Vebjørn Hansen Berg, vart vald inn i det nasjonale ungdomsutvalet.

Saka held fram etter annonsen

Landsmøtet vedtok fire uttalar, der den eine var «Nei til syntetiske metanhemmarar».

Bakgrunn:

Under årets jordbruksforhandlingar vart Norges Bondelag og Arbeidarpartiet einige om å fase inn metanhemmarar i fôret frå 2027.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag var ikkje ein del av denne semja. Syntetiske metanhemmarar har vore under utprøving i Noreg ei stund, men er omdiskutert som klimatiltak.

Mange forbrukarar har reagert sterkt på innfasinga. Vi håpar forbrukarane held fram med å vere tydelege på korleis matproduksjonen i Noreg skal føregå. 

Norsk Bonde- og Småbrukarlag ynskjer at landbruket skal bidra til klimaarbeidet, men på ein måte som spelar på lag med naturen og forbrukaren.

Under landsmøtet til Norsk Bonde- og småbrukarlag vart denne uttalen vedteken:

Landbruket kan bidra i klimaarbeidet, men syntetiske metanhemmarar er feil retning.

Utgangspunktet for klimaarbeidet i landbruket må vera å redusera bruken av fossil energi og forbetra agronomiske praksisar slik at me bind meir karbon i jorda. 

Det føreslåtte pålegget om bruk av syntetiske metanhemmarar som eit klimatiltak er eit blindspor. Det vil føra til auka kostnadar for bonden, ha ein usikker klimagevinst, og ein bind seg til internasjonal storkapital. Ikkje minst er det stor usikkerheit knytt til konsekvensar for dyrehelsa.  

Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag er svært skeptiske til syntetiske metanhemmarar som Bovaer og støtter pausen i bruken. NBS ønskjer å vektleggja føre-var-prinsippet sterkt i denne saka.