Aukranytt
6 minutter lesetid

Legg vekk urealistiske lanseringar snarast råd

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Nasjonal transportplan (NTP) vart vedtatt innført i 2002. I staden for sektorplaner. Stortinget skal derfor sluttbehandle og prioritere alle «større» NTP prosjekt for samferdselsområda: veg-, jernbane-, luftfart- og sjøtransport samla.

Før eit større vegprosjekt kan bli behandla som ein del av NTP i Stortinget.  SKAL prosjektet ha gjennomført alt som kreves av faglige utredninger, høyringar, reguleringar, kvalitetssikring, og konsekvensutredninger med meir. 

Møreaksen er prioritert bygget av aktuelle kommunar, samferdselsutvalg, fylkesutvalg, fagetater, Statens vegvesen og Fylkestinget. 

Ferjefri E.39 Ålesund- Molde «Møreaksen» er godkjent og prioritert av departement, regjeringer (frå 2014 ) – og ved NTP behandlingar i Stortinget. Riktignok manglar «det siste vedtaket» : økonomisk bevilgning. Men••••. 

MA prosjektet inneber nye vegar på heile strekninga mellom Ålesund og Molde med tunnel under Romsdalsfjorden frå Vestnes til Otrøya, bru til Gossen, hengebru over Julsundet, og eit vegsamband gjennom tunnel på nordsida av Molde by. 

Møreaksen er eit statlig prosjekt som blir finansiert med statlige midlar, og eventuelle bompengar. ( I Norge er det 55 bompengeprosjekt med i alt 293 «bomstasjonar»).  

Likevel kjem det feilaktige påstandar og nye krav om andre alternativer- og eller nye traséer for Møreaksen, oftare enn det er årstider og påskedagar  i landet vårt. 

Legg vekk urealistiske lanseringar og nye forslag snarast råd. Der målet visstnok er meir lokal tilrettelegging og større økonomisk handlekraft.Vegstyremakt for fylkesvegar er fylkeskommunen. Fylkeskommunen kan sjølvstendig bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar, kan/skal kunne leggjast til Statens vegvesen. Ferjesambanda og ferjene er også eit ubestridt Fylkeskommunalt ansvar. 

Romsdalsaksen har ALDRI blitt prioritert av faglege etater eller Statens vegvesen. Romsdalsaksen har ALDRI blitt politisk behandla og prioritert på lokalt, regionalt eller nasjonalt forvaltningsnivå. Det er nok no-meir enn nok. 

Dessverre har Møre og Romsdal blitt eit tapar fylke når statlige midlar til samferdsel vert tildelt. Kun to tre promille kjem til fylket. Det er stusselig, bedrøvelig – og svært næringsfiendtlig. Møre og Romsdal har omlag fem prosent av landets innbyggere -og ikkje to tre promille. 

Mesteparten av verdiskapingen i Norge skapes i distrikta- og i særdeleshet langs kysten. Møre og Romsdal er Norges mest eksportintensive fylke. Regionen eksporter mest per sysselsett i heile landet. (Olje og gassindustrien kjem i tillegg). 

Derfor bør alle som er opptatt av samfunnsutvikling, næringsliv, verdiskaping,  arbeidsplassar og tidsriktige kommunikasjonar(og andre). Lytte meir til blant anna NHO og næringslivet i M&R. Når 105 viktige og velfungerande bedrifter, med ca 23 000 tilsette og ein eksportverdi på 100 milliarder kroner, både ønskjer, påpeikar og krev Møreaksen bygget. Snarast råd. 

Om det er gener, arvelig adferd, kosthald eller av andre ukjente grunnar veit eg lite om, men det utrulig og meir enn det, når tusenvis av ( stort sett) godt vaksne menn i godt over førti år :. Alltid og uansett har framført meiningslause konspirasjonsteoriar, heimelaga dommedagsprofetier – og usanne elendighets påstandar. Som garantert ville ramme innbyggarane og brukarane med masse armod og store vanskar, om tunell og fastlandssambanda kom. Prosjekta  har kommet, det eine etter det andre. 

Og dei har aldri, gjentar aldri fått rett med sine meiningslause elendighets påstandar. Og no har dei forsyne meg samla seg igjen, for tiande gongen. Med nye fyrrige elendighets påstandar – og enda verre ordbruk enn nokon gong : mot Møreaksen. Slik langvarig og feilaktig adferd retta mot alt og alle, er greinelaust, miserabelt og til tider ynkelig. 

Det tek mellom 34 og 59 år, før eit “større” tunell og fastlandssamband har kommet på beddingen.  Minner derfor igjen om om at minimum 34 år er lenge, svært lenge, også for godt vaksne menn. 

Mesteparten av verdiskapingen i Norge skapes i distrikta- og i særdeleshet langs kysten. Møre og Romsdal er Norges mest eksportintensive fylke. Regionen eksporter også mest per sysselsett i heile landet. (Olje og gassindustrien kjem i tillegg). Derfor bør alle som er opptatt av næringsliv, verdiskaping, sysselsetting, arbeidsplassar, og tidsriktige kommunikasjonsmuligheter og andre. Om å lytte meir til NHO og næringslivet i M&R, når 105 viktige bedrifter, med omlag 23 000 tilsette og ein eksportverdi på omlag 100 milliarder kroner både ønskjer og krev Møreaksen bygget, snarast råd. 

Samfunnsøkonomisk lønnsemd er meir bombastisk framført i Møre og Romsdal enn i sentrale strøk på Østlandet. Når Follobanen med ein kostnad på 37,1 milliarder kroner for å korte ned reisetida med åtte ti minutt  – og eit jernbaneprosjekt som innlemma Moss har fått ein prisauke på 70 prosent, er kostnaden på dette prosjektet på omlag 30 milliarder kroner. Auka satsning på jernbane vil i den kommande NTPen være på nesten 400 milliarder kroner. 

Min forsiktige anbefaling er å samle alle gode krefter i Møre og Romsdal – og andre for å få tilført økonomisk midlar til ein godkjent og gryteklar Møreaksen. Vi kan vel ikkje fortsette som eit evig promille fylke, innan samferdsel stort lengre.