Takk, Kong Harald!
I dag er det gravferd for H.M. Kong Harald V.
Dette er ein leiarartikkel som uttrykker Aukranytt sine synspunkt
Gjennom livet har eg vore tett på Kong Harald nokre gongar. På ingen måte tett på som å ha ein relasjon eller vere på eit oppdrag. Heller ikkje som over snittet royalist, men som nordmann som har oppsøkt nokre av folkefestane som har fulgt Kongen.
Sist eg såg Kongen «på ekte»
Siste gongen eg såg Kong Harald «på ekte» og ikkje berre på TV, som sonen min seier, var på datoen tre månadar før han gjekk bort.
Kongen var i innspurten på det som etterkvart hadde blitt eit mål for kongeparet – å besøke alle kommunane i Noreg. Denne dagen, 28. mai, stod Askvoll kommune ytst i Sunnfjord for tur som siste besøk på siste Vestlandsturen.

Eg har sjølv eit nært forhold til tidlegare Sogn og Fjordane fylke og er mykje i området som halvt Nordfjording. Kombinert med sansen for å oppleve historiske hendingar «live» gjorde dette at eg tenkte at denne dagen ville eg ha med meg i Askvoll.
Med få sikre kommunebesøk igjen var det noko med å oppleve stemninga, gleda og fellesskapet besøka til Kong Harald og Dronning Sonja har tilført ei rekke små og større stadar rundtom i Noreg. Denne gongen var Dronninga sjukmeld, men Kongen kom.
Etter Kongen si forverra helse som enda med bortgangen hans er eg ekstra glad for å ha med meg minna om denne dagen.
For dei som bur i Askvoll eller budde i Aukra under det offisielle besøket i 2003 og seinare gjennom Nyhamna-opninga i 2007, er det ekstra stas å sjå tilbake på desse besøka. Men uansett kva staden heiter og om du ikkje er derifrå, så er stemninga som skapast såpass universell at den kan opplevast og kjennast relevant av dei fleste nordmenn.
Følgeskap for ei retning
Med Kong Harald er ein 35 år lang epoke over i Noreg, for mange menneske og i mange perspektiv.

Det kjende uttrykket å forandre for å bevare er brukt av fleire – med ulik måloppnåing. Kong Harald gjorde gjennom kongsgjerninga si verkeleg orda til handling.
Kongehuset er som ein del andre institusjonar i samfunnet gamle og danna i ei heilt anna tid, i ein heilt annan kontekst.
Som dei fleste reelle leiarar har forstått, så handlar leiing i dagens kontekst om følgeskap og legitimitet framfor tvang eller frykt knytt til ein formell posisjon eller tittel. Det blir det stadig skrive utallige bøker og halde utallige forelesingar og leiarutviklingsprogram om.
På mange vis kan vi nok enkelt seie «look to Kong Harald» – sjølv om ikkje han heller gjorde alt riktig.
Men kva er å gjere alle detaljar riktige, kven definerer det?
Det viktigare er snarare kanskje å gjere det rette over tid når ei retning for organisasjonen, bedrifta eller landet skal stakast ut og gjennomførast i praksis.
Det norske kongehuset har nok tradisjonelt alltid vore nærare folket enn mange utanlandske kongehus sidan Kong Haakon starta gjerninga i 1905. Det var likevel ikkje noko Kong Harald og Dronning Sonja lente seg tilbake på. Steg for steg har dei modernisert og bygt følgeskapet. Ikkje eit følgeskap for persondyrking, men følgeskap for ei retning der rausheit, verdigheit samhald og fleire andre verdiar er sentrale.
I ei viktig modernisering er likevel noko universelt
Det som kanskje sit att mest frå siste gong eg såg Kongen «på ekte», er korleis han strekte seg for å leve valspråket sitt og nettopp gi «Alt for Norge». På tross av redusert helse tok han seg fysisk fram for å møte folket. Det gav han nok og mykje.

Kor mykje det gav han å snakke med pressa den forsommardagen vitest ikkje. Men på tross av både krevjande tider og krevjande spørsmål knytt til andre familiemedlemmar, sette han seg ned og tok seg ekstra tid til å snakke med pressa. Ingen kommunikasjonssjef i heile verda kan manøvrere seg i nærheita av å skape denne legitimiteten og tilliten som er så viktig.

I ei tid der både enkeltmenneske og godt betalte leiarar litt for lett grip til forklaringar, unnskyldningar og innpakningar for å spare seg for ubehag gjorde Kongen det motsette. Med fullstendig herredøme over seg sjølv og eigne goder er han den første som kunne ha kome seg klar. Men kapteinen og folkets konge stod på brua til det siste.

Kong Harald visste å skilje kva som trong modernisering i takt med tida og kva som står seg universelt.
Takk for bidraga dine til begge deler, Kong Harald!

