Ulogisk og uheldig borgfred
Den såkalla borgfreden som dei politiske partia på Stortinget blei samde om etter Kong Harald sin bortgang, bør vi absolutt reflektere over og vurdere utover eit skuldertrekk.
Du les no ein leiar. Den uttrykker Aukranytt sine synspunkt
I ei tid der mykje er modernisert har dei Stortings-partia børsta støv av ei ordning som stammar frå middelalderen.
Tanken kan i utgangspunktet vere god og velmeint med den såkalla borgfreden. Ein pause frå politisk strid, utspel, meiningsinnlegg, deltaking i debattar og annan politisk kommunikasjon skal etter partia si meining vere ein bra måte å vise den avdøde kongen respekt. Dette skal og medverke til å samle landet.
Debatten om debatten er bra
No er debatten om den forsvunne debatten heldigvis godt i gang. Ulike perspektiv for og mot opplegget blir belyst, noko som er utelukkande positivt.
Det er eit sunnheitsteikn for Noreg som demokrati og monarki at vi ikkje umiddelbart aksepterer noko uvant som norske toppolitikarar innfører. Sjølv om konteksten er kongen sin bortgang og berøringsangsten om borgfreden dermed ligg der, er det bra at ikkje dei politiske partia får definisjonsmakta åleine på kva som kan vere korrekt kotyme.
Det beste ved Noreg
Debatt og ytring er noko av det beste og sunnaste ved eit demokrati. Er det ei tid for å demonstrere den sunne meiningsutvekslinga i eit fritt land, så er det no.
Å innføre borgfred medverkar til ei misvisande forestilling om at debatt er noko vondt og gale vi bør skånast frå i sørgetida.
Er debattklimaet derimot for giftig og splittande, bør kanskje Stortings-partia gjere noko med dei lange linjene gjennom alle kvardagane, sjølv om det truleg er langt vanskelegare å få til noko som eigentleg har effekt enn ei kjapp to vekers symbolmarkering.
I første omgang kan politikarane vise det beste ved demokratiet gjennom verdig og opplysande debatt også i ei tid der vi sørgjer over bortgangen til Kong Harald.
Svært sterkt verkemiddel
Vi kan like eller ikkje like køyret og tempoet i samfunnet og media anno 2026. Men eit parkert politisk ytringsrom blir eit ekstremt sterkt verkemiddel i den nettbaserte verda vi lever. Skilnaden mediamessig til 90-talet når Kong Olav gjekk bort er beskjedent sagt svært stor. For å beskrive skilnaden til middelalderen er ord sjølvsagt overflødige.
Kan forsterke uheldig politikarskepsis
Blant mange faktorar som førte Trump til makta, var produksjon av konspirasjonsteoriar om andre politikarar. Ikkje nødvendigvis alle dei direkte påstandane, men spørsmålet mellom linjene: Kan du utelukke heilt at dette har skjedd, eller at desse politikarane gjorde det og det?
Vi er ikkje i Trump-land. Men politisk toppleiing i alle parti bør vere ytterst pålogga for å unngå at også borgfreden blir til politikarskepsis og påstandar om behageleg evakuering når eit politisk fleirtal tek timeout no.
Om ein er for eller mot borgfred bør sjølvsagt ikkje styrast av enkeltsaker her og no. Prinsipielle argument bør ligge til grunn.
Samstundes handlar all god og proff leiing på alle nivå om til ei kvar tid å handtere situasjonen ein står i. Og no er situasjonen prega av mellom anna ei av dei mest bokstaveleg tala brennbare sakene i år – gjeninnføring av drivstoffavgiftene med markant høgare pumpeprisar.
Kreditorar har ikkje innført borgfred
Nokre meiner at dette er velståande syte-Noreg på sitt mest svulstige og usympatiske, at folk og bedrifter berre er bortskjemte, storforbrukande og kan spare andre plassar.
Eit anna perspektiv er konkursar i næringslivet som allereie har snudd alle steinar for å drive billigare og ein svært knepen kvardag for ein del enkeltmenneske. Ingen av desse brenn diesel for moro skuld, men fordi neste buss i distriktet går neste dag og ikkje om to minutt som trikken i Oslo.
Konsekvensane for både næring og privatpersonar overfor kreditorar stoppast ikkje med ein pauseknapp merka borgfred.
Det kan vere ei vanskeleg tid å stå i spagat som politikar. Men gjennom dagane som går med fråver av politikarar og aukande avstand mellom ulike verdenar blir det berre lenger å strekke beina når dvalen er over.
Ei klok tilnærming
Noko av det viktigaste og klokaste Kong Harald gjorde var å modernisere kongehuset i takt med tida for å sikre legitimitet og relevans i det breie laget av folket.
I lys av dette er dei politiske partia sin middelalderske inspirasjon kanskje både ulogisk og uheldig som verkemiddel for å heidre kongen.



