Aukranytt
1 minutt lesetid

Kong Harald er død – stor sorg over tapet av ein elska folkekonge!

Det er med djup sorg vi har mottatt bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald har gått bort. Eg vil på vegne av innbyggjarane i Aukra kommune få uttrykkje vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja, barna deira, barnebarn og alle som står han nær. Vi kondolerer!

Saka held fram etter annonsen

Kongen har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore eit samlande symbol på fellesskap, kontinuitet og tryggleik. Han har vore eit godt forbilde og vist eit sterkt engasjement og respekt for menneska, lokalsamfunna og ikkje minst verdiane som bind nasjonen saman. Takk for at du har samla oss!

Vi har vore så heldig å hatt besøk av Kongen to gonger i Aukra kommune. Det var 11.juni 2003 i samband med eit offisielt kommunebesøk og det var 6.okt. 2007 i samband med opninga av Ormen Lange anlegget. Dette var ei stor hending for folket i kommunen og eit godt minne frå ein Konge som såg folket og som var opptatt av kva som skjedde i kommunen vår.

I dag står vi saman i takksemd for det Kongen har betydd for Noreg. Våre tankar går til familien i denne tunge stunda.» Takk for at Du levde Ditt valgspråk: Alt for Norge!