Aukranytt
2 minutter lesetid

Høge drivstoffprisar skadar næringslivet og vanlege bilistar

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til skribenten

Senterpartiet fekk før påske gjennom viktige avgiftslettingar for fiskerinæringa. Frå 1. april vart CO₂-avgifta på diesel i både nære og fjerne farvatn fjerna. Dette sikra me eit fleirtal for i Stortinget, og det det gav ei umiddelbar letting for ei næring som er avgjerande for verdiskaping, eksport og beredskap i kystsamfunna.

Saka held fram etter annonsen

For næringslivet er drivstoffavgiftene direkte avgjerande for konkurransekrafta. Landbruket, transportnæringa, fiskerinæringa, småbedrifter og ikkje minst byggje- og anleggsbransjen er avhengige av stabile og låge drivstoffkostnader.

Regjeringa foreslår no nye, kostbare klimakrav for byggje- og anleggsbransjen. Det er det siste denne næringa treng i ei tid med høge renter, høge materialprisar og fallande aktivitet. Vi er for omstilling, men ho må gjennomførast på ein klok måte som ikkje kneblar ein av dei viktigaste motorane i norsk økonomi.

Auka avgifter og nye krav inneber høgare kostnader for folk flest, både på matvarer, byggje- og anleggstenester, transport og gjennom heile verdikjeda. Næringslivet treng lettingar, ikkje nye byrder.

Samstundes må nærskipsfarten inn under det same regelverket som fiskerinæringa. Denne delen av sjøtransporten er avgjerande for industrien, eksporten og logistikkjedene langs heile kysten. Å halde nærskipsfarten utanfor avgiftslettingane skaper skeiv konkurranse og aukar kostnadene i ei næring som allereie opererer i krevjande marknader.

Det er urovekkjande at Høgre har varsla at dei vil ha slutt på billig drivstoff og vil auke avgiftane frå  1. september. Det er ikkje mogleg å sikre låge avgifter utan eit fleirtal på Stortinget. Dersom Høgre ikkje endrar meining, vil drivstoffprisane igjen auke betydeleg. Næringslivet treng føreseielege rammevilkår, ikkje politisk vakling som skaper uvisse om framtidige kostnader.