Aukranytt
3 minutter lesetid

Ei heilt unødvendig krise i styrtrike Noreg

Leiarspalta gir uttrykk for Aukranytt sitt syn på aktuelle saker

Dei siste vekene har vore prega av stor uro og utryggheit for mange etter at økonomiskruen nok ein gong har fått seg nokre omdreiingar hos Helse Møre og Romsdal.

Saka held fram etter annonsen

Det er ikkje tvil om at omstilling og effektivisering både er nødvendig økonomisk og utviklande fagleg i alle bransjar, enten dei sorterer under privat næringsliv eller det offentlege. 

Like sikkert er det at meir eller mindre pengar ikkje gir svaret åleine på om eit tenestetilbod blir betre eller dårlegare.

Men utstyr og menneske på vakt kostar uansett. Det er etter eit visst punkt ei grense både fysisk og psykisk kor fort ein som tilsett greier å springe.

Når denne leiaren skrivast er oljefondet god for svimlande 22 tusen milliardar kroner. At både barneavdelingar og ambulansetenesta skal herjast med utfrå økonomiske forklaringar blir for svært mange både innbyggjarar og tilsette heilt uforståeleg. Med rette.

For pengane er der – sett i nasjonalt perspektiv. Spørsmålet er kva maktkonsentrasjonar som dreg det lengste strået og kva yrkesgrupper og fag politikarane vel å lytte til. Eit døme er aukande utgifter og oppskalering av eit veksande byråkrati, særleg på statsnivå.

Heile ideen om at helse skal drivast som butikk gjennom helseforetaka er for lengst overmoden for å bli teken hand om. Men på dei 25 åra som har gått sidan modellen kom har inga regjering, uansett farge, prioritert dette.

Kva målet til helseministeren var med besøka i juni til helseforetaket er ikkje godt å få tak på. Å ta politisk ansvar var det vel lite spor av. I si tid fekk Erna Solberg tilnamnet kalkulator-Erna. Etter besøket er nok mange ikkje framande for å titulere Vestre med det same.

Saka held fram etter annonsen

All sunn fornuft tilseier at Helse MR ikkje kan effektivisere seg ut av situasjonen ved å hogge vekk sentrale tilbod vi har rett på som skattebetalande innbyggjarar. 

Regjeringa og fleire med dei bør vakne av foretaksdraumen og ta politisk leiarskap. Det handlar kvar dag om tryggheita vi alle skal kunne ha til helsevesenet. Og på sikt handlar det meir og meir om ein ønskjer bygge politikar-tillit eller det motsette. Tillit kan ikkje krevast eller forventast. Den må gjerast fortent.

Greier ikkje politisk nivå dette, er det kanskje på tide at styra og leiinga i helseforetaka vurderer om dei ønskjer å stå til rors på denne skuta. Kor går grensa for kva ein kan stå inne for fagleg og verdimessig overfor innbyggjarane? Skal ein setje ut i livet kva som helst for å nå sparemåla, eller er vi ved ei grense som allereie er flytta langt nok?