Demokrati krev respekt og dialog heile året
Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
Vi har akkurat feira 17.mai. Det vart i år som tidlegare år ein fantastisk festdag. Takk til alle som på ulike vis var med og bidrog denne dagen!
Toget vi går i frå Aukra kyrkje og ut til Aukra Omsorgssenter er det flottaste demonstrasjonstoget vi kan vere med i. Vi demonstrerer og feirar demokratiet vårt, fridomen vår og grunnlova vår. I ei verd kor demokratiet dessverre er på tilbakegang og i ei verd kor vi opplever mykje konflikt og krig er markeringa av 17.mai, det å gå i tog, lytte til 17.mai talar og feire dagen saman som eit stort fellesskap viktigare enn nokon gong før.
Ein av fridomane vi har i eit demokrati er retten til å ytre oss. I eit demokrati vil alltid ulike meiningar og synspunkt vere ein del av kvardagen vår. Vi må derfor kvar dag trene oss i å lytte til andre, snakke med andre og ikkje minst respektere ulike meiningar på saker og ting. På denne måten er vi med på å bygge og styrke demokratiet.
21.mai er FN sin verdsdag for kulturelt mangfald, dialog og utvikling. Dagen vart vedtatt av FN sin generalforsamling i 2002 for å synleggjere betydninga av kulturelt mangfald og ikkje minst for å oppmuntre til dialog mellom menneske med ulike bakgrunn, perspektiv og erfaringar. Formålet med dagen er å styrke gjensidig forståing, redusere konfliktar og bidra til eit meir inkluderande og berekraftig samfunn.
Vi opplever dessverre i dag stadig oftare at mange ikkje blir respekterte for meiningane sine. Fleire blir ikkje møtt med argumentasjon, men med personåtak, usakleg heit og ubehagelege og truande kommentarar. Dessverre så har mange norske ungdomspolitikarar opplevd dette det siste året. Personåtaka og truslane vert ofte presentert gjennom sosiale media, av og til anonymt, men og ofte med fullt namn. Desse menneska misbruker ytringsfridomen, dei bidreg til å svekke demokratiet og dei kan lett skremme unge menneske og andre til å ikkje våge å seie meininga si eller lenger delta aktivt i demokratiet vårt.
Vi har alle eit ansvar for tydeleg å seie frå når nokon misbruker ytringsfridomen ved å krenke, latterleggjere, skremme eller true andre menneske. La oss våge å seie tydeleg ifrå at dette er noko vi ikkje aksepterer og la oss trene oss i å ha respektfulle samtalar med kvarandre og byggje gode fellesskap i vårt eige lokalsamfunn. Gode møte mellom mennesker er det som bygger tillit i kommunen vår.
Greier vi dette bidreg vi og til eit samfunn der det er trygt å kunne hevde meininga og våge å vere ueinige med kvarandre på ein respektfull måte. Å ta vare på verdiane som ligg i demokratiet vårt er ikkje ein jobb som skal gjerast berre på 17.mai, men og alle dei 364 andre dagane i året.
Det er mitt og det er ditt ansvar, ja, det er vårt felles ansvar.
Ordførar



