Aukranytt
2 minutter lesetid

Rikspolitikarar til Ålesund før avgjerande budsjett – mobiliserer for sjukehusa

Dette er ei pressemelding skriven av ekstern skribent

Torsdag 7. mai blir det arrangert ope folkemøte i Ålesund rådhus om situasjonen i Helse Møre og Romsdal.

Saka held fram etter annonsen

Bak møtet står ei breitt samansett ressursgruppe med helsepersonell, fagforeiningar, politikarar, Sunnmøre regionråd og Foreninga Sjukehuset vårt.

Bakgrunnen er ein pressa økonomi, med planlagde kutt på om lag 400 millionar kroner i 2026 og nærmare éin milliard kroner dei komande åra.

Møtet kjem like før Stortinget skal i gang med å behandle revidert nasjonalbudsjett. Målet er å få ein redningspakke, som kan hindre ei storstilt nedbygging av sjukehusa i fylket.

Til møtet kjem stortingspolitikarar frå nesten alle partia:

Geir Inge Lien (Sp), Kathy Lie (SV), Sylvi Listhaug (FrP), Monica Molvær (H), Per Vidar Kjølmoen (Ap), Seher Aydar (R) og Harry Valderhaug (KrF).

– Dette er ei av dei få anledningane til å stille politikarane direkte spørsmål før viktige avgjerder blir tekne, seier arrangørane.

Det blir korte innlegg frå helsepersonell og open panelsamtale, med høve til spørsmål frå salen.

Tid og stad:
Torsdag 7. mai kl. 19.00
Ålesund rådhus, bystyresalen