Aukranytt
4 minutter lesetid

– Det er lov å skriva feil!

Dette er ei pressemelding skriven av ekstern skribent

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Sebastian Natvik, leiar i Norsk Målungdom. 

Saka held fram etter annonsen

– I nynorskveka legg me opp til at alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg fram: No får alle lov av Noregs Mållag til å skriva feil!

Veka mellom 6. og 12. mai er ei spesiell veke for nynorsken. Desse dagane inviterer Mållaget heile Noreg til å bli med på ei årleg nasjonal markering, der målet er at alle skal få sjå meir nynorsk.

Nynorske merkedagar
Den 6. mai i 2014 vedtok Stortinget Grunnlova på nynorsk, og 12. mai er sjølve nynorskdagen, dagen då Stortinget alt i 1885 fatta jamstillingsvedtaket, som likestilte dei to norske skriftspråka. 

– Difor vil Mållaget og Norsk Målungdom få med seg alle i Noreg på å feira nynorsken ei heil veke, seier Peder Lofnes Hauge. 

– Me avsluttar veka med nynorskdagen 12. mai, ein stor festdag. Då oppmodar me også alle i Noreg om å ynskja kvarandre til lukke med dagen og å heisa flagget til topps, seier Sebastian Natvik. 

Alt er lov i nynorskveka
På nynorskdagen dei to siste åra har store selskap som Vipps og Ruter lansert tenestene sine på nynorsk. 

Men det viktigaste er at alle kan vera med både å feira og å bruka nynorsken, og at det skal vera låg terskel for å prøva seg fram med språket.

– Me håpar me ser alle slags typar nynorsk denne veka, også i avisene og på sosiale medium. God eller dårleg, seriøs og tullete, alt er lov i nynorskveka!

Saka held fram etter annonsen

Kva skjer?

Både lokallag i Mållaget og andre aktørar lagar til feiringar i nynorskveka:

-Oslo domkyrkje skipar nynorsk høgmesse sundag 10. mai, med tidlegare biskop Kari Veiteberg

-Oslo Mållag går i tog med korps (!) på nynorskdagen, frå Nynorsk bokhandel til Ivar Aasen-bautaen på Vår frelsers gravlund. Leiar i Noregs Mållag held appell.

-Forfattar Maria Parr har digital lesestund kl. 10 på nynorskdagen 12. mai, i regi av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. (Nynorsksenteret)

-Skular og barnehagar landet rundt markerer veka med ekstra fokus på nynorsk. Til dette har Nynorsksenteret laga tilpassa undervisningsopplegg til ulike aldersgrupper, som ein fritt kan ta i bruk.

-Bane NOR skiftar til nynorsk på dei store informasjonstavlene sine, der det enkelt går å endra statisk tekst. Togstasjonane Oslo S, Nationaltheatret, Skøyen, Oslo Lufthavn, Stavanger, Bergen, Værnes og Trondheim S får alle nynorsk tekst gjennom nynorskveka.