Vår med glede og optimisme!
Vi har lagt vinteren bak oss og er no inne i den første vårmånaden, mars.
Vi har allereie registrert dei første vårteikna med kvithveis og fuglekvitter. Vi har og kjent på eit streif av meir varme i lufta. Det er herleg. Våren ber i seg glede og optimisme. Det treng vi meir enn nokon gong før i ei verd med eit bakteppe av krig og uro.
I Aukra kommune kan vi glede oss over eit godt tenestetilbod. Vi har godt med ressursar og dyktige folk i både barnehage, skole, eldreomsorg og kultur. Vi har og mange som står på i frivillig arbeid. Desse bidreg til at mellom anna barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår. På Gossen og i Julsundet går drifta av laurdags -og søndagscafe på omgang mellom ulike frivillige lag og foreiningar. Her kan ein kose seg med ein kopp kaffi og eit godt kakestykke, men også få seg ein god og kanskje viktig prat med ein sambygding.
Vi kan og glede oss over eit oppegåande og variert næringsliv. Eit næringsliv som bidreg til arbeidsplassar og verdiskaping. At Comfort på Aukra og Elnesvågen nyleg vart kåra til beste bedrift i region vest og sør i den landsdekkande Comfort kjeda er utruleg gledelg og grunn til ein stor gratulasjon. At Vikenco har tatt ei investeringsbeslutning om å rehabilitere og dermed få nytt liv i hotellet er og utruleg gledeleg. Er det noko svært mange etterlyser i kommunen vår så er det ein stad å møtast og få kjøpe eit godt måltid mat. Dette vil utvilsamt bidra til bu -og blilyst. Det er og gledeleg at Odd Småge AS no er på god veg til å bygge ny verkstad og nytt kontorbygg. Dette bidreg og til framtidsoptimisme. Gledeleg er det og at vi gjennom eit godt samarbeid mellom kommune, næringsliv og Aukra Næringsforening har fått etablert nyttårstreff for ungdom og vi har fått etablert Romsdalsløypa ved GBU og JUSK. Alt dette skal vere med å bidra til framtidig rekruttering til kommunen og lokalt næringsliv.
Påskelijene vil snart stå i full blomst. Det ber og i seg glede og optimisme. Påska og påskefeiring er rett rundt hjørnet. Eg vil ønskje alle ei riktig god påske! ikkje gløym alt som gir grunn til glede og optimisme.



