I kveld står Thea på brua på «Midnatsol» sin siste rutetur gjennom Julsundet
2. styrmann Thea Hukkelberg frå Gossen rakk akkurat å få med seg siste ruteturen til «Midnatsol». Ho har tidlegare hatt verda som arbeidsplass, seinast på ekspedisjonsskipet «Fridtjof Nansen», noko vi skreiv om i Aukranytt i fjor. No er ho tilbake i heimlege farvatn, bokstaveleg talt.
Men sjølv med opplevingar frå 27 ulike land som sjømann er denne turen heilt spesiell.
– Å vere på vakt gjennom Julsundet for første gong på eit hurtigruteskip var noko heilt eige når vi gjekk nordover. Vi har vore nokre gongar innom Noreg, men då har det vore kun i Lysefjorden. Å sjå heim og over til Gossen gav ei god kjensle, fortel ho.

Vi møter ho på brua på «Midnatsol» rett før avgang Rørvik på sør måndag. Ti dagar er unnagjort sidan avgang Bergen. Tysdag kveld finn skipet leia gjennom Julsundet igjen for eit kveldsanløp i Molde.
-Eg reknar med det ventar litt familie på kaia også på sørgåande. Det ser eg fram til, seier Thea.
Blir cruiseskip
Onsdag klappar skipet til kai i Bergen for siste gong som rutegåande hurtigruteskip mellom Bergen og Kirkenes. MS «Vesterålen» overtek ruta frå 5. april.
Ein god månad skal brukast til fornying av mellom anna interiøret før skipet er klar for eit nytt kapittel innanfor konseptet Hurtigrutens Signaturreiser. Her skal skipet mellom anna gå i Svalbardlinjen saman med søsterskipet «Trollfjord».
Ønska seg til Norskekysten
– Der var både spennande og lærerikt å segle utanriks med ekspedisjonsskipa. Men kombinasjonen av utvide erfaringa som navigatør langs den krevjande norskekysten og å sjå meir til heimlege trakter, gjorde at eg søkte her.

Ho trivst allereie godt om bord i skipet som vart levert frå Fosen Mekaniske Verksteder for 23 år sidan.
-Eg var imponert når eg kom om bord over kor fin den tramleis er etter desse åra. Det er nok ein kombinasjon av god kvalitet og mannskap som har halde den ship shape. Her er også mykje nytt på brua som er heilt på linje med dei nyaste ekspedisjonsskipa.
Kring 80 menneske har arbeidsplassen sin om bord på kvart av skifta som opererer «Midnatsol». I den vanlege hurtigrutetrafikke er det to turar på og av, eller 22 dagar ettersom ein rundtur er 11 dagar. Vel i gang med 14-dagars signaturreisene blir det 4 veker på og tilsvarande av.
Sak i påskemagasinet
I Aukranytt sitt papirmagasin som kjem ut til palmelaurdag kan du lese meir om «Midnatsol» og sjå fleire bilder.



