Aukranytt
5 minutter lesetid

No er det Møre og Romsdal sin tur

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Å vere rimeleg etterretteleg og sannferdig med påstandar om samferdselsprosjekt er eit gode. Å fortrenge, forvrenge og benekte utførte utredningar, anbefalingar og vedtak er verre. Mykje verre. 

Møre og Romsdal vert oppfatta som eit kranglefylke når “tunnel- og fastlandssamband” skal planleggjast og byggjast.

Er det arveleg, misunning, bakstreversk og/eller misforstått svartsjuke som har fått – og stort sett får “godt vaksne karar” (også andre) til å protestere heftig og høglytt i 43 år, med ei greinelaus målsetting – å stoppe bygging av nyttige og framtidsretta samferdselsprosjekt i fylket?

Har dei evige samferdselsmotstandarane nokon gong fått rett med sine meiningslause elendigheitspåstandar? Svaret er kort: Aldri. Som kjent har det tatt minimum 34 og maksimum 59 år før eit tunnel- og fastlandssamband vert klarlagt i M&R. Det er i alle fall lenge. 

Og no har dei evige motstandarane  “for ente gong” samla seg igjen, denne gongen mot Møreaksen-prosjektet. Med arveleg sedvane og usann kutyme vert heimelaga elendigheitspåstandar framført oftare og krassare enn det er raude dagar i vår gregorianske norske kalender. 

Møre og Romsdal er heilt i toppen av fylke når det kjem til eksportverdi per sysselsett, i tillegg blant landets største eksportfylke – og Norges mest eksportintensive region.

Næringslivet i Møre og Romsdal inkludert 104 sentrale og viktige industribedrifter med om lag 23 000 tilsette og 100 milliardar kroner i årleg omsetnad, har påpeika og intensivert oppfordringa til sentrale beslutningstakarar om å prioritere bygging av ferjefri E39 Ålesund-Molde (Møreaksen) snarast råd. Dei ser på MA-prosjektet som både avgjerande og særs viktig for regionen si framtidige konkurransekraft og eksportmulegheiter.

Likevel: Uforståeleg og heilt meiningslaust har Møre og Romsdal igjen blitt eit taparfylke når statlege midlar til “større samferdselsprosjekt” vert tildelt.

Sentrale beslutningstakarar, også frå vårt fylke vil heller ha større og auka løyving i 100-milliarders klassen til fleire jernbaneprosjekt i austlandsområdet. Og slik vart det. M&R sin tildeling vart på eit minimalistisk stusseleg promillenivå, i nærleiken av null. Og slik vart det, igjen. 

No bør òg må Møre og Romsdal med sin store industriproduksjon – og den særs viktige eksportverksemda få si rettmessige tildeling av statlege midlar til større framtidsretta samferdselstiltak, allereie ved rullering av Nasjonal transportplan (NTP) i 2028.

Den desidert største transporten foregår som kjent på veg. Statens vegvesen, Bane NOR, Jernbanedirektoratet, Avinor, Kystverket og Nye Veier har av Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet fått i oppdrag å førebu faglege tilrådingar til den gjeldande Nasjonal transportplanen (NTP). Krig og elendigheit er ikkje tema i NTP-porteføljen, men den har sjølvsagt relevans for både Norge, Europa og verda forøvrig. 

Stortinget har også vedteke ein plan med ei totalramme på 1 308 milliarder kroner til samferdselstiltak innanfor NTP dei komande 12 åra. (2025-2036). 

Møre og Romsdal har faktisk berre eitt “større prosjekt” klart, Møreaksen, som allereie er fagleg utgreia, politisk behandla, prioritert -og vedteke i dei aktuelle kommunene, samferdselsutvalet, fylkestinget, regjeringa og Stortinget.

Fakta er også at samferdselsministrane frå FrP i 2014, 2017 og 2019 tilrådde Møreaksen prioritert og bygt – også til Stortinget. 

No er det definitivt Møre og Romsdal sin tur for å få statlege midlar tilført eit allereie godkjent og prioritert Møreaksen-prosjekt.

Samferdselsdepartementet og samferdselsministeren har gjennom uttale og pressemelding fastslått følgjande: “Statens vegvesen har gjort ein god jobb med tilleggsutgreiinga av Romsdalsaksen, No har vi fått oppdatert kunnskapsgrunnlag for alle dei ulike alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden. Statens vegvesen konkluderer igjen med at den løysinga som ligg i Nasjonal transportplan, er den beste. Det er vi samd i, og dermed ligg Møreaksen fast” seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.  

Rogfast som er ein del av ferjefri E39 har kome godt i gang. Ryfylketunellen er allereie ferdigstilt – og har blitt særs godt mottatt av innbyggjarane og brukarane. Den estimerte kostnaden for desse prosjekta er 36,2 milliardar kroner. Follobanen kom på plass for å korte inn reisetida inn til Oslo med åtte-ni minutt med ein kostnad på 37,2 milliardar kroner. 

No må alle gode krefter og beslutningstakarar som ser framover og ikkje berre i bakspeilet, samle seg for å få Møreaksen-prosjektet igangsett .

Mulegheitene og statlege midlar finst. Om ikkje vårt fylke no står for tur, er null promille med svele og kaffi eit svært dårleg og lite framtidsretta alternativ for industri-, nærings- og eksportfylket Møre og Romsdal.