Helsing frå ordføraren
Og vipps, så var februar over.
Eg har fullført min andre og siste månad som fungerande ordførar. Det har vore ei lærerik, spennande og svært givande tid.
Eg vil rette ein varm takk til alle innbyggjarane for tilliten eg har fått som politikar og varaordførar. Det er eit stort privilegium å få tene lokalsamfunnet sitt. Eg håpar eg har forvalta tilliten på ein god måte. Éin ting er i alle fall sikkert: Eg er utruleg stolt av kommunen vår og menneska som bur her.
Frå mai går eg inn i ei ny fase som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Aukra kommune. Då skal eg arbeide for kommunen vår på ein annan måte, men med den same stoltheita, engasjementet og audmjukskapen for det flotte lokalsamfunnet vårt.
Eg ønskjer òg å takke alle dei frivillige som bidreg kvar einaste dag. Dei som arrangerer digital kafé, stiller på språkkafé, dei som skapar inkluderande møteplassar for ungdom, dei som held oss friske gjennom trim og fysisk aktivitet, og mykje, mykje meir. De har ein heilt spesiell plass i hjartet mitt. Eg er oppriktig stolt av alle som gir av tida si for andre og gjer Aukra varmare og sterkare.
Takk for engasjementet, tilliten og fellesskapen, det er saman vi skaper den gode kommunen vår!


