Aukranytt
2 minutter lesetid

Helsing frå fungerande ordførar

I januar har eg vore fungerande ordførar, og det er stort og givande. Eg har kjent på kor takknemleg eg er for vere frå Aukra og å få representere kommunen vår, ein stad som eg er stolt av å kalle heime.

Saka held fram etter annonsen

Tida har vore spennande og lærerikt. Eg har møtt engasjerte folk og sett meir av alt som rører seg i kommunen. Det gir respekt for innsatsen som blir lagt ned i kommunen, i frivilligheita og ute i bygdene våre.

Eit av høgdepunkta var nyttårstreff for ungdom, der eg haldt opningstala. Takk til Aukra næringsforum for eit vellykka treff. Fleire bedrifter stilte med stand, og elevar frå 9. og 10. klasse ved Aukraskolane deltok. Slike treff betyr mykje, både for ungdommane og næringslivet i kommunen.

Januar har vore utanom det vanlege også vêrmessig. Det har vore ein skikkeleg solrik januar som gir energi og godt humør, og minner oss på kor fint vi har det her.

På kulturhuset er det stor aktivitet, og det er kjekt å sjå at det har blitt ein naturleg møteplass. Vi går ei innhaldsrik tid i møte, med mange arrangement og tilbod for små og store.

Takk for tilliten – det er ei glede å representere Aukra.

Torill Einara Nerbøvik

Fung.ordførar Aukra kommune