Aukranytt
2 minutter lesetid

Kjære alle saman!

Jula er no like om hjørnet. Jula er ei tid kor vi tek oss tid til å sende kvarandre gode julehelsingar. Det er ekstra kjekt for meg som ordførar å få sende ei god og varm julehelsing. Jula er ei tid for fellesskap, glede og refleksjon. Det er ei tid kor vi vender blikket innover og utover, mot dei vi er glade i, og mot dei som treng oss.

Saka held fram etter annonsen

Jula er ikkje ei tid for berre det gode og det varme. Det er og ei tid kor mange kjenner på sakn og sorg. Ein eller ei som alltid har vore med og feira jul, ja, vore ein viktig del av julefeiringa, er ikkje med lenger. Fleire opplever og jula som ei ekstra tung og einsam tid. Ikkje alle er med i eit fellesskap i form av familie eller vener og kjenner derfor ekstra sterkt på einsemda i jula. Her kan vi alle heilt sikkert bidra med noko godt og positivt.

Når vi no går inn i julehøgtida vil eg gjerne få takke alle for innsatsen, samhaldet og engasjementet som gjer lokalsamfunnet vårt så spesielt. Eg tenker med glede tilbake på kyrkjejubileet, påskeliljemarkajubileet, båtbyggarfesten, Aukradagen, bygdedagen, digitalt seminar, julemesse og ein rekke andre arrangement som verkeleg viser at Aukra er ein kommune full av energi. Ein varm takk til alle som har vore med og bidratt!

2025 har gitt oss både utfordringar og gleder, men takka vere eit godt samarbeid og stå-på-viljen i kommunen vår, har vi også i 2025 tatt viktige steg framover.

Eg ønskjer alle ei fredeleg og gledeleg jul og eit riktig godt nytt år!