Aukranytt
4 minutter lesetid

Lokal alkoholpolitikk er viktig

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Innføringa av alkoholreklameforbodet i 1975 var eit nasjonalt vedtak med store lokale verknader over heile landet. Forbodet er ein viktig del av årsaka til at Noreg er blant dei landa i verda med lågast alkoholkonsum og færrast skadar frå alkohol. Vi har nyleg hatt stortingsval, og valt personar til Stortinget. Det er desse som set ramma for alkoholpolitikken i landet, men utøvinga på lokalt plan er kommunestyret sitt ansvar. 

Saka held fram etter annonsen

Det lokale ansvaret

I tillegg til nasjonale tiltak, er den lokale alkoholpolitikken avgjerande for å avgrense skadeverknadene. Kommunane har ansvaret for sals- og skjenketider, skjenkekontroll, lokalt førebyggjande arbeidsordningar og opplæring av tilsette. Restriktive rammer for skjenking og god kontroll avgrensar overskjenking, reduserer ordensforstyrring og kan medføre større tryggleik for mange. Folkehelseinstituttet reknar med at om lag 8 prosent av alle barn i landet lever i familiar med alkoholproblem. Desse barna treng eit lokalsamfunn som ser livssituasjon deira. I tillegg veit vi at mange unge og vaksne har redusert livskvalitet som ein følgje av at nokon nær dei har eit rusproblem.

Parker og andre kommunale rekreasjonsområde må vere alkoholfrie. Det er viktig at det i lokalmiljøet er alkoholfrie stader der ungdomen kan vere saman utan å bli utsatt for alkoholpress. Alle idrettstilstellingar bør vere alkoholfrie. Andre kommunale kulturarrangement bør også vere alkoholfrie. 

Førebilete

Verdens Helseorganisasjon, WHO, peikar på nordisk og norsk alkoholpolitikk som globale førebilete, der folkehelse vert prioritert over næringsinteresser. WHO peikar spesielt på tiltak som prisregulering, reklameforbod, Vinmonopolet, regulering av talet på utsalsstadar og godt førebyggjande arbeid. Altså summen av nasjonal politikk og lokal politikk her vi bur. Samfunnsansvaret ligg i å verne lokalsamfunnet og enkeltmenneske mot skadeverknader av alkohol. I tillegg treng og fortener sjølvsagt serveringsbransjen faste rammer for si verksemd, blant anna gjennom reklameforbodet og lange liner i både statleg og kommunal politikk.

Moderne og fremtidsretta

I det siste har det komme krav om ei “modernisering” i alkoholpolitikken. Fleire parti meiner kommunane må få lov til å opne for bruk av alkohol i parkområde, og flere tek til orde for at reklameforbodet ikkje må vere så strengt. Vi i den ruspolitiske organisasjonen IOGT meiner at dagens tjue unntak i lova mot alkoholreklame viser at det er tatt fleire næringspolitiske omsyn. Derfor må dagens lov verke i femti nye år, blant anna fordi den hindrar at norsk alkoholreklame treff barn og unge på skjermane sine. IOGT meiner også at kommunane framleis må ha parkane som rus- og alkoholfrie stadar, fordi dei skal vere trygge, trivelege og tilgjengelege for alle. Vi veit sjølvsagt at nokon bryt forbodet mot drikking i parkane i dag, men IOGT har undersøkingar som syner at 63% av unge vaksne mellom 18 og 29 år avgrensar sin eigen alkoholbruk på offentlege plassar, fordi det ikkje er lov.

Nei til narkotika

IOGT ønsker også framleis forbod mot narkotika. Dei fleste av oss brukar ikkje narkotika, men bruken av cannabis og kokain aukar. Vi treng ein ruspolitikk som hjelper rusmiddelavhengige betre, og som førebyggjer at unge startar med narkotika. Eit framleis forbod mot narkotika vil hjelpe mange unge med å ta gode val, og vil også motverke ei normalisering av narkotikabruk.

Rusfrie val

Vi lever i ei tid med stadig nye utfordringar på rusfeltet, men vi lever óg i ei tid der stadig fleire tar rusfrie val. I fjor auka Vinmonopolet si omsetning av alkoholfrie drikkevarer med 20 %, samanlikna med året før. Det vi opplever i Norge, er gode verknader av ein nasjonal og lokal alkoholpolitikk.