Tvisyn-familien veks

Tvisyn Media som eig Aukranytt, får snart si niande avis på familietreet. Iløpet av oktober får selskapet nemleg ei ny partneravis i Ålesund, Redaksjon Ålesund 24, eller RÅ24 i daglegtale.
Tvisyn Media ved Robin Røkke er saman med dei lokale støttespelarane Frank Ove Reite og Frode Stuen med på eigarsida. Tvisyn Media har frå før åtte andre lokalaviser i porteføljen, mellom anna Aukranytt, Hustadvikingen, Midsundingen og Vestnesavisa.
– Ålesund treng ei avis til
– Sjølvsagt er det ein god porsjon galskap i dette, men vi er budde på at det både vil koste og bli mykje arbeid dei neste åra – så kan det jo like godt gå bra, seier Kåre Stig Nøstdal som blir redaktør og dagleg leiar i den nye nettavisa. Lansering skjer i løpet av oktober.
Han var i fleire år redaktør i avisa Nytt i Uka som blei lagt ned i 2024 og nettavisa Aesby i Ålesund.
– Eg møter stadig folk som meiner Ålesund treng ei avis til, seier den nye redaktøren i ei pressemelding.
Vil bidra til fleire uavhengige stemmer
Målet er å ta ein tydeleg posisjon i Ålesund:
– Regional journalistikk kan aldri erstatte lokaljournalistikken. Vi skal vere eit supplement, og bidra til fleire uavhengige stemmer i byen, forklarer Robin Røkke.
I første omgang blir RÅ24 ei rein nettavis – men papir kan bli aktuelt seinare.
– Ambisjonen er å vere rå både på nyheiter og på Ålesund, seier Anne Solveig Berge Trandal i RÅ24.