Det kjæraste ein har

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
Eg må innrømme at det var med ein aldri så liten klump i magen at vi for eit par veke sidan møtte opp for fyrste gong i barnehagen med vår førstefødde.

Men det var ein god trøyst at vi i Noreg har barnehagar der vi veit at ungane våre er trygge og blir tatt godt vare på. Og takka vere barnehageforliket tilbake i 2003, har så godt som alle norske foreldre eit tilbod om barnehageplass til borna sine. Barnehageforliket blei vedtatt av eit breitt fleirtal i Stortinget med Kristin Halvorsen og Øystein Djupedal (begge SV) i spissen, og skulle sikre full barnehagedekning i løpet av 2005. Eit svært hårete mål, men dette blei ein siger for den norske velferdsstaten og ikkje minst for kvinner sin moglegheit til full deltaking i arbeidslivet.
Eit angrep på velferdsstaten
Men dette hadde aldri vore mogleg om ein ikkje hadde sloppe til private aktørar. Dessverre ser vi at denne modellen no er under angrep. Og det frå partiet som for 22 år sidan stod i spissen for å få det gjennomført. I eit representantforslag på Stortinget I februar i år, la SV fram fleire forslag som, ifølgje Private barnehagars landsforeining, ville svekke både føreseieleg heita for private barnehagar og foreldra sin rett til å velje barnehage. Og på forsommaren gjekk SV-leiar Kirsti Bergstø og Rødt-leiar Marie Sneve Martinussen kraftig i rette med dagens barnehagepolitikk og meinte at regjeringa alt for lenge har latt høgresida ha handa på rattet i barnehagepolitikken.
Ikkje perfekt
Heller ikkje vi meiner at systemet har vore perfekt, og det var Høgre-statsråd Jan Tore Sanner som fyrst etterlyste regelendringar på grunn av store overskot blant private drivarar. Men eit nytt lovforslag blei fyrst vedtatt, i eit breitt forlik, av Stortinget i juni i år. Eit forlik der SV og Rødt valde å stå utanfor. No fryktar eg at eit raudgrønt fleirtal, med SV og Rødt i førarsetet, vil gå endå lengre i si iver etter å bli kvitt private aktørar. Då står vi i fare for å spenne beina under ein modell som i 20 år har sikra oss trygge barnehagar med plass til alle som ønskjer det.
Og så tenkjer eg: Hadde det ikkje heller vore fint om vi kunne fått til eit tilsvarande forlik, der det offentlege og private samarbeida for å få ned helsekøane, slik vi klarte å få til for barnehagane i 2003? Forskjellen er jo berre at her er det enklare, for her finst dei private aktørane allereie. Det er berre eit spørsmål om å gi dei moglegheita til å hjelpe. Det er det Høgre vil.
Godt val!