Populisme har aldri ført til noko godt

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
Store deler av befolkningen i verden lever dessverre under umenneskelige forhold, ofte på grunn av autoritære despotar -og despotiske regimer sine heilt meiningslause handlingar. Det ser, høyrer og registrerer vi daglig.
Norge sin situasjon er heilt annleis, den er i det store og heile trygg, stabil og rimelig god. Mykje takka være velferdsstatens mange universelle rettigheter for alle, uavhengig av inntekt eller sosial status.
FNs levekårsindeks blir utført og rangert blant verdens 193 nasjonar.
Norge har der blitt kåra til verdens beste land å bu og leve i utallige gonger. Det er derfor ingen grunn til å sutre høglytt både dag og natt eller rope krise like lenge, om Norge blir rangert med andre eller tredjeplassar. Forskjellane er minimale – og i stor grad lite merkbar.
Den internasjonale Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD har få negative beskrivelser i sine rapportar om Norge, mens dei framhevar Norge svært positivt – og påpeikar særskilt velferdsstatens mange gode fortrinn.
EU Reporter ranger Norge på topp for beste stad å jobbe og bu i, Australia og Nederland kjem deretter. Sjølvsagt er ikkje alt perfekt, skinnande og ny strigla for alt og alle i Norge . Det er med stor, stor sannsynlighet ein umulighet å få til også i små og store familiar, kommunar- og ikkje minst andre nasjonar.
Det er omlag 658 000 aktive bedrifter – og ca. 2,9 millionar arbeidsplassar i Norge. Det er viktig å ha bedrifter og arbeidsplassar om ein er lønnstakar, sjølvstendig næringsdrivande eller har anna tilknytning til sitt bu og arbeidsmarked. Det har etter mitt syn stor betydning for samfunnets “økonomiske helse”.
Norsk olje- og gass historien forteller oss etter over 50.år med produksjon, om kloke politiske beslutninger, industriutbygging i verdensklasse, med verdiskaping og store inntekter som resultat. Petroleumsvirksomheten sysselsetter omlag 210 000 mennesker – og er Norges desidert største næring målt i verdiskaping, statlige inntekter, investeringar og eksportverdi.
Vi som mange andre, lever dessverre i ei særs urolig, krevjande og tildels farlig tid. Derfor må vi ha tiltru til politiske parti som vil og kan ta i vare desse utfordringane – i dialog, møter og godt samspel med andre statsledere. Og i tillegg trygge, oppretthalde og vidareutvikle Norge – og velferdsstatens mange verdiar. Dei avgjerslene kan ikkje overlatast til høglytte populistiske parti – og personar. Som i stor grad velger å framføre usanne påstandar, desinformasjon og konspirasjonsteorier, med uverdige persons karakteristikkar mot alt og alle, enn seg sjølv.
Det er både greit og akseptabelt å være uenig, men ikkje med massiv bruk av uverdig oppførsel, der normal folkeskikk i stor grad er heilt fråverande.
Populisme med sin nedrige sarkasme og uverdige retorikk, har beviselig og faktisk aldri ført til noko godt verken i USA, Europa eller på heimlege trakter dei siste tiåra. Heller tvert imot.
Etter tildels stor politisk uenighet gjennom 1960 talet. Såg heldigvis det politiske Norge til slutt viktigheita av å ha ein “nasjonal petroleumspolitikk”. Og i juni 1971 føreslo regjeringa -og Stortinget vedtok viktige grunnsteinar for petroleumsvirksomheten på norsk kontinentalsokkel.Blant anna “dei ti oljepolitiske buda”, eit brukt tilnamn, som vart fremma av Stortingets utvidede industrikomite og vedtatt. Eit av dei ti lydde: “All virksomhet på norsk sokkel skal føregå under nasjonal styring og kontroll – og naturressursane skal utnyttes slik at det skal komme heile det norske samfunnet til gode”.
Norge er ein relativt liten , men særs viktig aktør i det globale olje og gassmarkedet. Norsk produksjon dekker omlag 2,5 prosent av verdens samlande etterspurnad. Og ikkje 97,5 prosent som enkelte trur og kringkastar.
Netto kontantstrøm frå petroleumsvirksomheten til Staten er i år på ca 698 milliarder kroner, og omlag 20 prosent av det norske statsbudsjettet kjem frå petroleumsnæringen.
Statens pensjonsfond, allmenn kjent som “Oljefondet”, starta Finansdepartementet, det første forsiktige innskuddet i 1996. Men slik vi i hovudsak kjenner fondet namn, utbredelse og betydning i dag. Vart det “nye fondet”anbefalt av regjeringa – og vedtatt etablert av Stortinget i 2006. Dette var eit unikt politisk vedtak, særleg når mesteparten av “oljefondet” også skal nyttast til framtidige generasjoners velferd – og pensjonsrettigheter.
Når “oljefondets historie” vert fortalt utanlands – opplever ein ofte at mange ikkje trur at den er sannferdig.
Produksjonen og levering av gass fra Nyhamna vart igangsett i 2007, det var starten på ei viktig gass epoke. Deretter starta arbeidet med å kunne få Nyhamna etablert som eit viktig gassknutepunkt. Og Stortinget vedtok heldigvis etter lange utredninger og prosessar utbyggingen av Aasta Hansteen-feltet med eksportrøret Polarled til Nyhamna i Aukra i 2013. . Det medførte store ringvirkninger, betydelige investeringer – og langsiktig verdiskapning lokalt, regionalt og nasjonalt.
Fase 3 utbygginga på Nyhamna- anlegget er omtrentlig ferdigstilt. Og då ser “Vi” kanskje framover mot ei Fase 4 utbygging om ein del år? Vi stiller oss vel uansett bak begrepet: Petroleumsnæringen skal utvikles – og ikkje avvikles.