Aukranytt
2 minutter lesetid

Møre og Romsdal Senterparti vil fjerne formueskatten

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Formuesskatten på arbeidande kapital slår hardt ut for bedriftseigarar i distrikta. Det er på høg tid å lette på trykket! Møre og Romsdal Senterparti vil fjerne denne skatten – for godt.

Saka held fram etter annonsen

– Formuesskatten er ei hemsko for norske eigarar. Vi må heller legge til rette for utvikling og arbeidsplassar, ikkje straffe dei som satsar i distrikta. Norske eigarar betaler skatt på maskiner, næringsbygg og aksjar – medan utanlandske eigarar slepp unna. Det er verken rettferdig eller smart, seier Geir Inge Lien, stortingsrepresentant for Sp.

Senterpartiet foreslår full verdsettingsrabatt på næringsbygg og maskiner i utkantkommunar. Høgare botnfrådrag – gjerne tilpassa kor sentralt bedrifta ligg.

Fylkesleiar Odd Helge Gangstad meiner Sp må ha eit klart og tydeleg bodskap før valet:

– Vi står på lag med dei som skapar verdiar i distrikta! Skal vi sikre arbeidsplassar og framtidstru i heile landet, må vi gjere det lettare å drive næring også utanfor dei store byane. Vi treng fleire norske eigarar – ikkje færre.

– Formuesskatten på arbeidande kapital gjer det vanskelegare for norske eigarar å satse i distrikta. Eg vil at partiet skal gå lenger enn det som står i partiprogrammet, og jobbar for å fjerne denne typen formuesskatt heilt.

Lien peikar på at norske bedriftseigarar må betale skatt på alt frå maskiner til næringsbygg og aksjar, medan utanlandske eigarar slepp. Dette fører til at fleire norske verksemder blir kjøpte opp av utanlandske selskap, og han åtvarar mot at vi kan bli ein «fattigare og svakare nasjon» om vi ikkje snur utviklinga.

Saman med fylkesleiar Odd Helge Gangstad meiner Lien at Sp bør gå til val med eit klart bodskap om å lette skattebyrda for næringslivet i Distrikts-Norge. Dei vil ha høgare botnfrådrag og store verdsettingsrabattar for bedrifter i mindre sentrale kommunar.