Aukranytt
3 minutter lesetid

Gi borna ein rusfri sommar!

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Sommartid er ferietid for mange av oss, og med det kjem også andre drikkevanar enn elles i året. Fleire studiar i både Norge og internasjonalt viser at folk flest drikk meir i feriar og høgtider.

Saka held fram etter annonsen

Då Respons Analyse og Finansavisen undersøkte folk sine drikkevanar i sommarferien for nokre år sidan, svara ein av ti foreldre at dei drakk alkohol kvar dag på ferie. Om lag to av ti svara at dei heldt seg heilt edru i ferien.

Alkoholfri trend

Ferske omsetningstal frå AS Vinmonopolet i 2024 viser no at fleire av oss legg meir vekt på sunnheit og helse ved val av drikkevarer. I årsmeldinga for fjoråret slår Vinmonopolet fast at fleire enn tidlegare ynskjer måtehald, og at omsetnaden av alkoholfrie produkt aukar. I 2024 oppga 10,9 prosent at dei ikkje drikk alkohol, og det er på nivå med året før, melder Vinmonopolet.

Ein ny rapport frå Verdens Helseorganisasjon (WHO), slår fast at Norge har lågast alkoholkonsum per innbyggjar. Tidligere var sterk alkohol og anna rusdrykk mer vanleg i Norden, men trenden er no at fleire vel drikke med lågare alkoholprosent.

I 2024 selde Vinmonopolet meir alkoholfritt enn nokon sinne, og sidan 2016 er salet av alkoholfritt ved Vinmonopolet meir enn firedobla. På same tid vert det presisert i årsmeldinga for i fjor at det er usikkert om auken i salet av alkoholfri drikke betyr at det totale alkoholkonsumet er på veg ned.

Lag deg ein god sommar

Tall frå Folkehelseinstiuttet (FHI) syner at om lag 90.000 born i Norge lever i familiar der minst ein av foreldra slit med høg alkoholbruk. Titusenvis av born lever også med utryggleik som følgje av at andre vaksne rundt dei brukar alkohol og andre rusmiddel.

Skal vi syte for at desse barna får ein god sommar, må fleire av oss redusere alkoholbruken eller velgje ein rusfri livsstil.

Saka held fram etter annonsen

Vi treng ikkje meir forsking for å slå fast at dette vil føre til at tusenvis av barn over hele landet vil få ein tryggare sommar – vi treng at du og eg tar rusfrie val.

Vi i den ruspolitiske organisasjonen IOGT oppfordrar difor alle vaksne til å settje borna først i sommar: Ver rusfri og aktiv med borna i sommar – det er livskvalitet for alle!Husk at born og unge fort merkar endringar i oppførsel når vaksne drikk alkohol – og det skjer tidlegere i drikkinga enn vaksne trur.Lag deg nokre klare køyrereglar for sommaren 2025 – bestem deg for kva som skal vere alkoholfrie soner.

Vi ønskjer alle ein god sommar, som ein del av den nye trenden med fleire alkoholfrie val!