Aukranytt
6 minutter lesetid

Møre og Romsdal: Eit taparfylke

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Møre og Romsdal er dessverre eit taparfylke når statlige midlar til «større» samferdselsformål vart bevilga.

Saka held fram etter annonsen

Denne minimalistiske tildelinga på omlag to promille av den “statlige potten” er bedrøvelig, miserabelt, meiningslaust -og svært næringsfiendtlig.

I Aukra – og kanskje andre plassar  – brukar vi av og til uttrykket «Fole». Dette er fole -og då snakkar vi ikkje om føll eller hest.

Takket være mange dyktige bedriftsledere, eiere og  ansatte, har Møre og Romsdal plassert seg seg blant landets største eksportfylker, med ein årleg eksportverdi på omlag 100 milliarder kroner. Og denne store verdiskapinga inkluderer IKKJE olje- og gasseksporten. Den kjem i tillegg – og er stor. (Smak litt på talet- EIN milliard , det er som kjent tusen millionar).

Dessverre blir Møre og Romsdal oppfatta og omtala som eit kranglefylke i særklasse. MA – prosjektet har vitterlig og faktisk gjennom fleire tiår fått utført alt av nødvendige og lovpålagte utgreiingar. Og er “gryteklar” til avgjersler på nasjonalt nivå.

NHO – og 105 viktige bedrifter i M&R, med omlag 23 000 arbeidsplassar – og dei omtala 100 milliarder kronene  i omsetning, er alle svært tydlige i sine heilt rettmessige og framtidsretta krav: prosjektet E39 Ålesund – Molde ( Møreaksen) må fullførast snarast råd.

Det er heilt utruleg, greinelaust og meir enn det, men fakta fortel : alle våre nyttige bru, tunell- og fastlandssamband i M&R, har omtrent alltid (40 år) blitt møtt med massiv negativitet, krav om skroting på inn og utpust, elendighetsbeskrivelser fra A til Å, godt krydra med heimelaga – og usanne påstandar.

Dei mange pessimistiske  og sjølv oppnemnde elendighets-ekspertane har aldri, gjentar aldri – fått rett med sine meiningslause elendighets påstandar om samferdselsprosjekt i M&R. Fasiten for pessimistane sine dommedagsprofetier er: av ni prosjekt – er det ni skivebommar- (dvs) det vil seie 100 prosent bom. Det blir fleire.

Fakta er: «ingen større» samferdselsprosjekt har kommet fram til mulig oppstart/ realisering på under 34 år. Dei fleste mykje lengre.

Ryfylketunnelen som vart tatt i bruk i 2019, er verdens lengste og djupaste undersjøiske tunnel for biltrafikk. På dette området – omtrentlig som Møreaksen- prosjektet. Tunnelen har fått stor tilfredshet i fleire innbyggar og brukerundersøkelser. Årsdøgntrafikken(ÅDT) i Ryfylketunnelen var 5577 kjøretøy, ifølge tall fra 2021.

Regjering og Stortinget vedtok opprettelsen og innføringa av Nasjonal transportplan (NTP) tidleg på 2000- talet. Forslaget om ferjefri E39 blei lansert av regjeringa Stoltenberg i 2013, noko som også Stortinget slutta seg til.

Fylkeskommunen har faktisk og beviselig fra 2003 alltid  prioritert Møreaksen bygget. Dei mange dokumenterbare vedtaka er det umulig å forvrenge, fortrenge eller benekte. Men det bryr ikkje alle seg om. Som vanlig.

Møreaksen- prosjektet vart av departement og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen FrP godkjent og prioritert (i 2014). Samferdselsminister Jon Georg Dale FrP (2018- 2020) anbefalte og prioriterte Møreaksen bygget. Samferdselsminister Jon Ivar Nygård Ap (2021-2025) har også prioritert Møreaksen.

Dei tre regjeringane Stoltenberg, Solberg og Støre – har alle prioritert Møreaksen- prosjektet . Det har også eit overveldande stort fleirtal i Stortinget gjort. Akillesen og utfordringa no –  og framover er å samle seg , framføre og vise til positiviteten som også dei tre regjeringane og Stortinget har uttala og beslutta. Og det mest vesentlige og kanskje viktigaste  :  å være på –  ha dialog – og fremme sine rettmessige krav om økonomiske midlar- sokalla money talks -må bli tilført Møreaksen prosjektet ved første rullering av NTP. Verre er det vel ikkje, eller.

Saka held fram etter annonsen

P.S. Legg ved og siterer Samferdselsdepartementet ved samferdselsminister Jon – Ivar Nygård Ap sin pressemelding/ kunngjering i 2022, sitat:

« Møreaksen ligg fast”

«No har vi fått gjennomgått og oppdatert kunnskapsgrunnlaget for alle dei ulike alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden. Det har vore viktig. Statens vegvesen konkluderer med at den løysinga som ligg i Nasjonal transportplan, er den beste. Det er vi samd i, og dermed ligg Møreaksen fast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. I samband med konseptvalutgreiinga (KVU) i 2011 blei det satt nokre samfunnsmål og effektmål. Dei ulike alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden blei sett opp mot desse måla i 2011, og ved tilleggsutgreiingane i 2019 og 2021.

Møreaksen har høgast trafikantnytte, kortare reisetid Ålesund–Molde, og størst utviding av bu- og arbeidsmarknadsregionar. Han har høgast netto nytte når fastlandssambandet til Gossen, eit planlagt fylkesvegprosjekt, blir rekna med. Møreaksen har òg lågare usikkerhet og risiko fordi planleggingsarbeidet har kome lenger og meir av usikkerheita i prosjektet er allereie avklart.

– Det er heilskapen i dei ulike alternativa vi må sjå på. Da er Møreaksen det beste alternativet basert på dei måla som er satt for prosjektet, seier samferdselsministeren» Sitat slutt.

Denne klare konklusjonen – og tydlige presiseringane frå noverande samferdselsminister om Møreaksen  – er ei krystallklar løypemelding.

Kanskje kan Vidar Sandbecks pengegalloppen med refereng  : Ja de penga , ja de penga er til bekymring for fattig og for rik – framføres av Romsdalsordførarane med eventuelle koristar  i møte med samferdselsministeren mfl om MA.  Dette er ikkje eit krav, men ei forsiktig oppmoding. Som gjerne kan skrotast.