Tusen takk!

Planen for intervju og reportasje med Årets Aukravering måtte naturleg nok gjerast om etter at utmerkinga hamna hos meg sjølv og eg hamna foran og ikkje bak kamera. Men noko kjenner eg på å skrive, og det blir i form av denne leiaren.
Tusen takk for ein stor dag gjennom å blir kåra til «Årets Aukravering» for arbeidet som redaktør i Aukranytt på det knappe året som har gått sidan starten i august i fjor.
Når ein startar ei heilt ny avis frå ingenting i første jobb som avisredaktør, så er det jo ein viss risiko å ta. Eg tok ein sjanse i fjor, noko eg er glad for. Den gav meg mulegheita til å få løfte fram menneske og saker, og samtidig vere med på å byggje noko nytt.
Difor er eg audmjuk, takksam, glad og stolt over å bli nominert, for grunngjevinga og utveljinga frå juryen, og overrekkinga av prisen frå ordførar og kultursjef i Aukra.

Omtalen som vart gitt av meg kjenner eg treffer ein nerve i det som er lidenskapen min med å halde på med dette på sett og vis 24/7.
Gleda, «driven» og motivasjonen min får næring nesten kvar dag i dei mange menneskemøta der eg kjenner eg får bidra.
Men det er klart dagens utmerking er noko heilt spesielt å ta med seg – på vegne av produktet vi skaper med Aukranytt, mulegheitene for lokalavisene og som personleg ros.
Tusen takk til gode folk eg har møtt på vegen som har bidrege til dette: Aviseigar Robin Røkke som satsa på meg til den nye avisa, mange enkeltmenneske, alle som jobba for å få ei lokalavis til kommunen, alle som bidreg med gode tips og elles Aukrasamfunnet som har teke vel imot den nye avisa og meg.
Og ikkje minst tusen takk til familien som raust gir meg rom og til stadigheit lever i ein skiftande kalenderkvardag der dei fleste planar er midlertidige og på ingen måte hogd i steintavle med dette yrket som livsstil.