Sprikande staur eller samla kraft?

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
Under årets Moa-konferanse I Ålesund hadde tidlegare samferdselsminister og Frp-politikar Jon Georg Dale eit svært viktig bodskap; Møre og Romsdal taper kampen om pengar fordi politikarane ikkje klarer å samle seg om kva som er viktig å prioritere.
Han sa vidare at Møre og Romsdal har mykje å lære av korleis dei jobbar andre stader i landet. Der greier dei å bli einige om prioriteringane og stå fast på dei over tid, mens ein i Møre og Romsdal har hatt evige omkampar.
Stadige omkampar er inga vinnaroppskrift
Stadige omkampar og politisk krangling har aldri og kjem aldri til å bli ei vinnaroppskrift med tanke på å få gjennomført ulike utviklingsprosjekt i fylket vårt.
Denne strategien svekker vår konkurransekraft og den svekker vår attraktivitet. I forkant av den no vedtatte NTP for perioden 2025 – 2036 var eg saman med ulike delegasjonar fleire turar til Oslo for å arbeide for E39 Molde – Ålesund – Møreaksen. Spørsmålet vi ofte fekk frå stortingsrepresentantar og folk i samferdselsdepartementet var at vi ikkje var samde om dette prosjektet.
Sit att med 0,25 prosent
At Frank Sve gjennom sine 56 skriftlege spørsmål har skada dette prosjektet er det ingen tvil om. Det er nok også ein av hovudårsakene til at vi som fylke sit igjen med kun 0,25 prosent av NTP midlane. Det er skandaløst! At vi ikkje har ein samla Mørebenk som står bak viktige samferdselsprosjekt er og hovudårsaken til at ein så liten sum av NTP midlane har kome fylket vårt til gode.
Dette er svært uheldig for ei god og framtidsretta utvikling av fylket vårt. Når ein frå andre fylke kan møte i Storting og regjering med ein samla bodskap frå både politikarar og næringsliv, er det ikkje rart at dei oppnår måla sine om midlar til nye og samfunnsutviklande samferdselsprosjekt. Vi står igjen som kranglefantar og utan midlar som garantert hadde ført til at vi kunne ha satt handling bak orda våre.
Høgre må avklare
Etter årets Moa-konferanse må også Høgre sin førstekandidat Monica Molvær forklare kor Høgre står med tanke på utbygging av E 39 Molde-Ålesund. På facebook skriv Paul Andre Hofseth følgjande om årets Moa konferanse; «En endring var veldig merkbar – et klart nei til Møreaksen. Det er Høyre som har skiftet mening, og det ble veldig klart bekreftet av Monica Molvær – faktisk to ganger».
Eg håper at Høgre sin førstekandidat Monica Molvær ikke kjenner seg igjen i det Paul Andre Hofset skriver på facebook? Dersom det er riktig er det i så fall svært oppsiktsvekkende og ikkje minst på kollisjonskurs med vedtaket som ble fatta i denne saka på Møre og Romsdal Høyre sitt fylkesårsmøte. Eg forventer at Møre og Romsdal Høyre sin førstekandidat, Monica Molvær, går ut og forklarer kva som er riktig i denne viktige saka?
Forutsigbarheit, tillit, stø kurs
Forutsigbarhet, tillit og stø kurs er nøkkelord om ein ønsker å oppnå noko politisk. Som stortingskandidat for Møre og Romsdal KrF ønsker eg å bidra til å bygge heile fylket. Det er når vi står saman at vi greier å få til dette. Det er derfor svært avgjerande korleis den nye Mørebenken vil sjå ut. Vil det bli «sprikande staur» eller vil det bli ei «samla kraft» som vil bidra i arbeidet for å få ressurser som gjer at vi kan vidareutvikle felles prosjekt i fylket vårt? Dette vil eg tru at velgarane og er opptatt av? Då bør ein i så fall vere opptatt av å finne parti som tenker heile fylket, som samlar og som faktisk kan vise dette gjennom sitt politiske arbeid. Forfattar og aktivist Hellen Keller sa eingong «Alone we can do so little. Togheter we can do so much». Det bør vere eit ord til ettertanke for oss alle som er med i politisk arbeid.