Aukranytt
5 minutter lesetid

Aukra treng betre ferjetilbod medan vi ventar på Møreaksen og Kjerringsundet

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

På kommunestyremøtet 22.mai stilte eg følgande spørsmål til ordførar Helge Kjøll jr. (KrF):

I siste trafikkstatistikk for mars 2025 frå Fram, Møre og Romsdal fylke, viser tala at det no fraktast fleire kjøretøy med M/F Norangfjord på strekninga Aukra- Hollingsholmen enn det vert gjort med 2-to ferger på strekninga Sølsnes – Åfarnes.

Saka held fram etter annonsen

Statistikken viser følgjande:

Tall kjøretøy 2025

Aukra – Hollingsholmen            
39153. Dette er ein auke på 8,4% frå 2024

Sølsnes – Åfarnes                        
31396. Dette er ein reduksjon på – 10,9% frå 2024

Tall personar 2025

Aukra – Hollingsholmen            
62629. Dette er ei auke på 9,3% frå 2024

Sølsnes – Åfarnes                        
53326. Dette er ein reduksjon på 13,1% frå 2024.

Dette talmaterialet viser for det første behovet for og ikkje minst kor viktig det er å få realisert Møreaksen og dermed Kjerringsundet.

Det andre er behovet for ein tettare frekvens på sambandet Aukra – Hollingsholmen og behovet for to ferjer på denne strekninga. Å få etablert to ferjer bør vere eit sentralt krav i samband med forhandling av ny Romsdalspakke 1.1.2033.

Kva tenker ordføraren om dette?

Svaret frå ordførar Helge Kjøll jr (KrF)

I svaret sitt kom ordføraren mellom anna inn på at årsaka til denne trafikkauken er at det i tillegg til stor utpendling og innpendling frå og til Aukra, er ein merkbar auke i trafikken frå Vikenco AS. Det går per i dag i gjennomsnitt mellom 30-35 trailerar inn og ut av Vikenco sitt industriområde. På dei travlaste dagane kan det vere opp mot 40 trailerar. Sjølv om det i dag er gratis ferje inneber venting på ferje ein stor kostnad for næringslivet.

Den over tid store auken i trafikken viser kor viktig det er å få realisert Møreaksen og dermed Kjerringsundet. Dette prosjektet vil avløyse tre ferjesamband og bidra til ein sterkare bo -og arbeidsmarknad og dermed styrka konkurransekraft og eit meir attraktivt fylke.

For Møreaksen føreligg det vedtatt reguleringsplan, samt ekstern kvalitetssikring (KS). Dette inneber at det føreligg plan for gjennomføringsrekkefølga i prosjektet. Arbeidet med rullering av dagens NTP startar i 2026. Vi må i samband med denne rulleringa arbeide for at det vert løyvd økonomiske midlar til oppstart og realisering av Møreaksen og dermed også oppstart og realisering av Kjerringsundet.

Eg er og veldig glad for at ordføraren var tydeleg på at vi fram til realisering av Møreaksen og Kjerringsundet må arbeide for fleire avgangar på strekninga Aukra – Hollingsholmen på kveldstid. Dagens situasjon med 1 time mellom kvar avgang frå kl.20.30 til 22.30 frå Aukra og frå kl.20.45 til 22.45 frå Hollingsholmen er ikkje godt nok.

Saka held fram etter annonsen

Ordføraren var og i sitt svar tydeleg på at vi i samband med forhandling om ny Romsdalspakke i 2034 (kontrakten på Romsdalspakka varer ut 2033) må arbeide for å få etablert ei B-ferje på strekninga Aukra – Hollingsholmen.

Trafikkstatistikken viser at det allereie i dag er behov for ei ferje to på strekninga Aukra – Hollingsholmen. Strategien som ligg i dette svaret meiner eg er viktig for både folket og næringslivet i Aukra kommune.

Dagens ferjetilbud er ikkje godt nok! Aukra KrF vil derfor arbeide for og ha eit sterkt fokus på eit betre ferjetilbod, ei ferje nr. 2 (B-ferje) og ikkje minst realisering av Møreaksen og Kjerringsundet.