Hurra for ein trygg 17.mai – for barna!
Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren
Når titusenvis av barn og unge vaknar til årets 17.mai-feiring, så står dei sentralt i en fantastisk nasjonaldagsfeiring. Tradisjonen med barnetog starta med ei enkel skoleparade i 1869, og har utvikla seg til den feiringa med barn og ungdom som vi ser over heile Noreg og i andre land der nordmenn er til stade.
I seinare år har vi sett at denne tradisjonelle feiringa vert utfordra av champagnefrukostar og andre alkoholhaldige bobler gjennom dagen, med meir merksemd på ein god fest for dei vaksne. Dermed har dagen endra karakter, og Vinmonopolet melde i fjor om stor omsetningsauke i dagane før 17.mai.
I ei gransking gjort av Kantar for den ruspolitiske organisasjonen IOGT i fjor, svarte halvparten av dei spurde at alkohol tar for mykje plass på 17.mai. Like mange svarte at det har vorte vanleg å sjå mykje alkoholbruk på
nasjonaldagen, og at dette vart oppfatta som problematisk.
IOGT meiner det beste vi kan gjere no, er å stille opp for det beste av dei verdiane vi har rundt nasjonaldagen. Vi må stille opp som trygge og trivelege vaksne i ei feiring som handlar om barn og unge sitt møte med viktige samfunnsverdiar som fellesskap, fridom og demokrati.
I urolige og turbulente tider blir det ekstra viktig at vi legg vekt på ei feiring av slike verdiar, og at vi er tydelege på kva dette handlar om overfor våre barn og unge. Vi bør ta ansvaret som gode vaksne rollemodellar, og la
denne demokrati-festen for Noreg også vere ein trygg og god fest for barna!
Fleirtalet meiner det vert drukke for mykje. 55 prosent av dei spurde i IOGT-undersøkinga er einige i at det vert drukke for mykje alkohol i samver med barn på 17.mai. Heile 62 prosent av kvinnene er uroa over utviklinga.
Når langt over halvparten av befolkninga meiner det vert drukke for mykje rundt barna på 17. mai, må vi ta nokre grep som enkeltpersonar og samfunn.
Kommunane våre kan utsetje skjenkestarten til ettermiddagen på 17.mai. Det vil gi mange barn ei tryggare oppleving av nasjonaldagen, også etter at barnetoga er over.
Men det aller viktigaste grepet kan vere ditt og mitt val; at vi lagar ein trygg og rusfri nasjonaldag saman med barna, der alle generasjonar kjenner seg velkomne og trygge i feiringa.
Hurra for ein trygg og trivelig festdag for alle! IOGT inviterer kvar enkelt og oss alle til å bli med på kampanjen «Edru på 17. mai – barna sin dag», og ta det rusfrie valet på denne dagen.
Det handlar om verdien av trygge vaksne rundt alle barn, ei utfordring til lokalpolitikarar om kloke skjenketider – men mest av alt handlar det om ein festdag for barna våre!