Søndagstur til Kvalvågen: Eit trist, men vakkert syn

Kvalvågen på vestsida av Gossen går sommaren i møte med langt meir tiltalande drakt. Store mengder søppel er nemleg fjerna gjennom ein stordugnad med 30 deltakarar i alle aldrar frå Småge grendalag. Kanskje har slike søndagar også gode synergiar i framtida.

– Eg er imponert over oppmøteviljen og alt vi fekk gjort iløpet av ein søndag, seier ein tydeleg nøgd Stein Arild Småge i grendalaget når vi oppsummerer den store dugnadsdagen.

Då Aukranytt var innom Kvalvågen ved dugnadsstart på føremiddagen 27. april, krydde det av folk som var godt i gang med storjobben som venta.
Initiativet til ryddeaksjonen kom gjennom årsmøtet tidlegare i år. I løpet av få veker vart så tankar og ønske omgjort til reell innsats for den søppelutsette vågen.

For dei som ikkje har besøkt Kvalvågen så ligg den vestvendt og dermed open for det som driv inn frå havet. Den geografiske plasseringa kombinert med bølgjer, vind og straum gjer vågen til den perfekte søppelsamlar, om ein kan uttrykke det slik.
Blanda kjensler
Det er med blanda kjensler vi observerer Kvalvågen og innbyggjarane denne fine vårdagen.




Det individuelle og kollektive pågangsmotet er imponerande og positivt. Entusiasmen som gløder og ansvaret som blir teke for å gjere noko er samfunnsbyggjande.
Dei 30 menneska samlar og fraktar bort store mengder søppel så Kvalvågen kan få tilbake noko av det som har lagt i dvale.
Kjensla når ein er tilstade på dugnaden er likevel dobbel og fortvilande.
Søppelet som blir rydda i det vakre nærmiljøet, er ein dråpe av alt søppelet havet ber med seg. Det vi ser er pittelitt av handlingane gjennom generasjonar.

Verst er kanskje oppmalt plast og tauverk som er infiltrert i tanga. Som eit massivt teppe kveler det delar av bukta. Mykje anna søppel er skylt opp i fjøra eller har blese på land og forsterkar inntrykket.
Det nyttar
Det er relativt få år sidan fokuset på miljøvern og konsekvensar av denne type menneskeleg åtferd vart sett på dagsorden og forsøkt ramma inn.




Dumping av søppel og ureining frå skip og frå land gjekk føre seg langt inn på 1990-talet med eit skuldertrekk også i norsk samanheng. Delar av plastsøppelet som blei plukka i Kvalvågen kan daterast fleire tiår tilbake frå desse gamle syndene. Men der er også ferskt søppel frå stadig påfyll av havet verda over.
I dag er regelverka, kunnskapen og haldningane vesentleg betra, og for dei fleste vil det rykke i ryggmargsrefleksen i høve å kaste søppel sjølv eller sjå andre gjere det. Men verda heng saman også gjennom havstraumane og havet vil fortsette å støte frå seg søppel på vestsida av Gossen.
Difor vil Småge velforeining halde fram arbeidet. Forutan å vedlikehalde Kvalvågen er holmane utanfor neste prosjekt.
Det var eit trist syn å sjå denne delen av Gossen søndagsføremiddagen. Men dugnadsprosessen og resultatet er desto vakrare å observere. Det viser at det nyttar å ta grep og gjere noko med det ein kan.
Ein søndag for framtida

Involveringa av barn og unge er sentralt i Småge-dugnaden. Å aktivt ta vare på og ha eigarskap til nærmiljøet gjennom å halde orden er positivt.

Om få år er dei unge også arbeidstakarar eller leiarar i offentlege eller private verksemder. Nokre er det allereie. Dagar som denne søndagen i eiga fjøre vil godt muleg bidra til at dei tek miljøregi utover eige nærmiljø.
All ære og hatten av for generasjonsdugnaden til Småge grendalag!
