Aukranytt
3 minutter lesetid

Sommarleir for ungdom i Møre og Romsdal

Sommarleir i Noregs Ungdomslag er eit årleg arrangement som samlar ungdom i alderen 13-25 år til dagar med folkedans, folkemusikk, teater og handverk. I tillegg til kurs i levande kulturarv, legger arrangøren opp til mange spanande sosiale aktivitetar og ein utflukt i nærområdet.

Saka held fram etter annonsen

Årets leir finn stad på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik frå 29. juni – 3. juli. Arrangøren reknar med det kjem ungdom frå heile landet til leiren.

Sommarleiren blir arrangert frå 29. juni til 3. juli i Ulsteinvik. Foto: Noregs Ungdomslag (NU)

Fleire av kursa i år har eit særskilt fokus på den lokale kulturarven i Møre og Romsdal. Til dømes skal ein ha fleire kurs i folkemusikk med Britt Elise Skram (Vestnes), der fokus vil vere på den nordvestlandske slåttetradisjonen. Det blir eit eige hovudkurs i springdans frå Nordre Sunnmøre med Svein Are S. Vatnehol (Ålesund) og Åsmund Arnesen Farstad (Volda), samt eit grunnleggande folkedanskurs med Anna Gjendem (Molde) og Nina Byttingsmyr (Agder).

Det blir teaterkurs med Asbjørn Hagen frå Nordfjordeid. I samarbeid med Hareid og Ulstein husflidslag gjennomfører vi fikselaug som kurs.

Utanom kurstid får ungdommane oppleve mykje kjekt, deriblant ein utflukt siste dag på leir. Arrangøren kan ikkje røpe for mykje, då utflukta skal vere ei overrasking for leirdeltakarane, men den vil by på kultur- og naturopplevingar på Sunnmøre og ende opp i Ålesundsområdet.

Elles vil kveldane bli brukt til sosiale aktivitetar og leirtradisjonar som improkappleik, hekleløp, dans, nattdebatt, leirkino og det ungdommane sjølv vil.

Sommarleiren byr på mange ulike aktivitetar. Foto: Noregs Ungdomslag

Sist gong Sommarleir var i Møre og Romsdal var i 2014, den gongen på Møre fhs. i Ørsta. Arrangøren gler seg stort til å kome tilbake til Nordvestlandet.

Noregs Ungdomslag (NU) er ein frilynt kulturorganisasjon med om lag 13.500 medlemmar fordelt på drygt 310 lokallag over heile landet. NU vart skipa i 1896 og har som hovudføremål å gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø. Hovudområda er amatørteater, folkedans- og musikk, handverk og ungdomshusarbeid. NU har i dag 51 aktive lokallag i Møre og Romsdal, 26 av dei tilhøyrande Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag.